Er fem stolpar det ideelle på ei traktorhytte? John Deere lar deg velje mellom fire eller fem på 6R-serien.

JD-alternativ: Femstolpa hytte

Vil du ikkje ha dør i full breidde, tilbyr John Deere fem stolpar på 6R-serien.

Publisert

Før hadde alle seks stolpar i traktorhyttene. Så vart det moderne med fire stolpar, og alle produsentane måtte bygge om hyttene sine for å følgje moten. Så viser det seg at store glasdører i firestolpa hytter kan vere tunge å lukke. Dei tar stor plass om dei skal opne seg nok. Driv du snøbrøyting kan du under uheldige forhold risikere at snø og is legg seg på skjermen og frys fast, slik at det er vanskeleg å lukke opp døra.

Mote eller ikkje: John Deere gir deg no valet, om du skal handle traktor i 6R-serien. Fire stolpar og brei dør, eller fem stolpar og "gammaldags" dør i kombinasjon med ei siderute med luftestilling.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS