Ingenting nytt om CaseIH

Truls Skalmerud, sjef i A-K Maskiner, ynskjer ikkje å uttale seg om kva som skjer med CaseIH i Noreg før CNH har sendt ut si pressemelding.

Publisert

Det betyr at framtida for CaseIH i Noreg er ukjent. Skal du inngå veddemål, er eit heitt tips å satse pengane på at A-K overtar agenturet. Om det skjer, eller om eigar av Case IH og New Holland, storkonsernet CNH, vel ei anna løysing for Noreg, veit vi enno ikkje. A-K maskiner forhandlar som kjent New Holland frå før.

Gardsdrift.no vil sjølvsagt melde frå når det skjer meir i denne saka.

Powered by Labrador CMS