IH McCormick Farmall mod. M 1951-modell

Publisert

(Fra Bedre Gardsdrift nr. 3/2000) Denne traktoren er ein av dei mest populære veteranane i USA i dag. Eigaren, norskætta Gene Sorenson frå Fort Dodge, Iowa, var av dei mange som kjøpte modell M i 1951. Han lovprisar traktoren, og fortel om eit problemfritt traktorliv. På 50-talet hadde Gene fleire slike traktorar som vart brukte til alt slags gardsarbeid. Ein torads maishaustar var spesialtilpassa modell M, og omslutta traktoren heilt. Å køyre denne var ein skikkeleg dritjobb, for store mengder skit og støv hamna på førarplassen i det maisen passerte baketter traktoren på begge sider.Bensinmotoren er lettstarta og går mjukt og lett som ein moderne bilmotor. Sjølv i 30 minusgrader startar motoren med litt choke.Då drifta av Sorenson-farmen vart overlaten til ein nevø på nabogarden blei all reiskapen auksjonert bort. Traktoren vart då seld for nærare 2000 dollar, omlag dobbelt så mykje som venta. Men kjøparen var ikkje betalingsfør, så traktoren vart returnert. Det er Gene glad for, og traktoren vert framleis nytta til ymse arbeid på gardstunet.

Tekniske data: Motor:Firesylindra firetakts vasskjølt bensinmotor, originalt ca. 40 hk. Stempel og sylinderforingar vart etter kort tid bytte ut med tilsvarande komponentar av aluminium. Desse gir høgare kompresjon og auka effekt. El-systemet er seks volt.

Gir:Fem framover og eitt bakover. Overdrive-girkasse som gir to hastigheiter i alle gira utanom femte. Toppfart i underkant av 30 km/h.

Styring:Etter kort tid vart det ettermontert servostyring . Denne har virka utmerka.

Vekt:Ca 2300 kg

Frontlastar og hydraulikk:Separat hydraulikkoljetank med eiga oljepumpe bak kløtsjhuset. Denne er kløtsjavhengig. Ei uavhengig oljepumpe er ettermontert på fordelarakslingen, med slangetilknytning til den integrerte tanken. Frontlastaren er ein heil del nyare enn traktoren, for ein slik traktor varer omlag tre gongar så lenge som ein frontlastar, i følgje Gene Sorenson. Skuffetippen blir løyst ut med ein vaier. Den hydrauliske sylinderen er enkeltvirkande.

n jogeir m. by

Powered by Labrador CMS