Søk
RSS Nyheter
Nyhetsbrev
Abonnere
Redaktøransvar
Redaktøransvar

Seig nøtt knekt på Jæren

Årets andre bastard var ingen grei traktor. Berre halvparten av dei som prøvde seg klarte den. Premien blir sendt til Jæren, til ein trufast nøtteknekkar.

Gaute Risdal er mannen som, trass ein jobb som imek-mann hos Felleskjøpet, drog kjensel på dei fire gamle travarane i bastarden for februar/mars. Ikkje verst! Vi gratulerer, og heidrar innsatsen med ei svart og fager Bedre Gardsdrift skjermlue. Vel fortent. Sjølv vi gjennom året får fleire tusen svar på konkurransar, er det nokre namn vi merkar oss stadig går att. Gaute er av dei. Vi ropar eit ekstra hurra for det!

Denne var ille.

Traktoren er oppbygd som so:
- Kroppen er ein Deutz-Fahr. Alt anna er bygd på utanpå den.
- Øvste og fremste del av panseret er frå ein Zetor.
- Døra er det som i si tid heitte Valmet, eller kan hende attpå alt Volvo BM Valmet
- Framaksling, det meste av frontruta og ørlite av skjermen er frå ein Case International.

Verre var det ikkje, altså.

Ny konkurranse finn du her.

 

Kva er det beste med årets vinter?


Det var bonusspørsmålet denne gongen. Her er eit lite knippe av svara vi fekk inn. Ting tyder på at vinteren har hatt det til felles over heile landet at den har vore stabil, men at snødjupna varierer stort mellom landsdelane.
I alle fall - Dette skriv folket:

Lars: at den er kald og og holdt seg lenge.
David: At den snart er over!
Henrik: At det er himla fort gjort å få solgt noen kubikk med halvtørr blandingsved;)
Svein: At det rett og slett har vore stabil vinter.
Jonas: At det er kaldt
Kjell: Brøyting og strøing
Jørgen: Brøyting og Twintipp=D
Martin: Den er jamn, fin og kald. Skiføret er fantastisk, i tillegg er det vær og føre til å drive i skogen hver eneste dag. Flotteste vinteren på lenge.
Tore: Den minner om en god gammeldags vinter.
Kai-André: Det er kaldt!
Anders: Fantastisk stabil!.....-og med svært lite nedbør blir det desto betre pris på den vesle straumen vi greier å produsere!!
Sven Erik: Faste kjøreforhold
Erik: Fastpris på brøyting
Bjarte: Fint veir og go` skiføre.
Ole: Godt vinterføre
Daniel: Går mye ved!
Otto: Itte bære slaps og hålke
Ståle: Kjøre ny John Deere
Jan Morten: lite snø
Trond:masse brøyting!
Thor: Mye snø og Mye snømåking med Traktoren :)
Per Ole: nok snø og langvarig sammenhengande vinter....
Andreas, Jan, Ole Petter, Hans: Snø
Sveinung: snøen skjuler alt ugraset!!
Jon Arne: Stabil kulde= godt vedsalg
Ola, Hallgeir, Hans Ola, Jan Sturla, Frode, Knut, Ove, Leif: Stabil og fin
Haakon: tilskudd
Petter: Trenger ikke så gode unnskyldninger for å finne på noe å gjøre innadørs
Ola: Å sjå kor Orkel-fræsn svelge unna alt av snø!

Nøkkelord:

Konkurranser
Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.

Traktoroversikten