Nytt år, ny konkurranse!
Bastard-arkivet vårt er langt frå tomt, og om du er klar vil vi gjerne sjekke om du klarer å skilje ut fire traktormerke frå denne raringen.
Vi har ikkje grave så veldig djupt i arkivet for å finne årets første bastard. Den er berre fem år gammal. Nokre av delane kan vere ein heil del eldre. Det er strengt tatt ikkje så nøye. Det vi treng, er fire kryss på skjemaet du kjem til ved å klikke her. Svarfristen er 15. februar.
Førre bastard, den som hadde svarfrist i november, vart vunnen av kvamvær og gudbrandsdøl Pål Klomstad. Her ser du korleis den traktoren var sett saman.
Premien denne gongen er eit eller anna frå Bedre Gardsdrifts premiekasse. Vi får sjå kva som finst der når alle nøttepremiane er sende ut. Med andre ord er premien ein overraskingspakke frå Bedre Gardsdrift. Det høyrest ikkje så verst ut.
Nøkkelord:
Konkurranser



Tips en venn