Hugs fristen for produksjonstilskot

Torsdag 20. januar er siste frist for å søke om produksjonstilskot. Leverer du søknaden elektronisk, kan du vinne ei bærbar datamaskin.

Publisert

Søknadsfristen er den same om du leverer på gamlemåten, eller om du leverer elektronisk. SLF trekkjer ikkje ut ein einaste penn til dei som sender papir, men har fem datamaskiner som lokkemiddel for deg som leverer over nettet.

Vi prøvde sjølve å levere elektronisk i fjor, men vil vente til vi har breiband før vi gjer nye forsøk.

I denne søknadsomgangen er det tilskot til husdyrproduksjon, avløysing og frukt, bær, veksthusgrønt og salat du kan søkje om.

Powered by Labrador CMS