BGnøtter2014 banner

Hovudpremiane er trekte

Hovudpremiane i BG-nøttene 2014 er no fordelte til ein god flokk med glade folk. Fendten gjekk til Etne, Trimble GPS til Averøya, slåmaskina til Sletta i Nordhordland, og turane til Fortun, Haus, Vågå og Levanger.

Publisert

No er alle hovudpremiane trekte, og vinnarane er varsla. Dette er det artigaste BG-nissane veit. Aldri tidlegare har så mange deltatt i BG-nøttene, aldri tidlegare har premiesekken vore så full, og aldri tidlegare har så mange vore kvalifiserte for hovudpremiane.

Vinnarane er blitt trekte etter at nissane har gått gjennom alle innsendte svar og vaska namn og epostadresser slik at alle blir talde korrekt. Det er nok med eit mellomrom for mykje i namnet før maskina trur at du er to ulike personar. Så har datamaskina trekt ut tilfeldige nummer mellom alle dei kvalifiserte. BG-nissane gler seg stort over at alle vinnarane representerer det norske landbruket på ein svært god måte. Dette er engasjerte folk med store kunnskapar og eit aktivt forhold til det å drive gard, og det er svært triveleg å dele ut premiar til slike.

Gler seg til å prøve Fendt 300

Eine BG-nissen konstaterer at det sikkert er omlag slik dei føler seg dei i Lotto, som ringjer rundt med millionpremiar på laurdagane. – Ja, men så er no dette nesten som å vinne i lotto, svarer Knut Ole Matre frå Etne i Hordaland. Han har vunne fire veker med Fendt. Den traktoren blir ikkje ståande til pynt. Knut Ole driv samdrift med broren, med 550 tonn i kvote og 500 dekar jord. Fram til no har traktorparken bestått av John Deere, med ein 6830 Autopower som flaggskipet. Nyleg kom det til ein Deutz-Fahr TTV på 130 hestar, ein av dei mest kompakte trinnlause på marknaden. Knut Ole er nemleg oppteken av å halde traktorstorleiken på eit fornuftig nivå. I sommar var ein Fendt 500 Vario innom på prøve nokre dagar, men den tykte Knut Ole var i største laget. – Eg gler meg veldig til å få prøve nye 300-serien, slær han fast. Knut Ole tykkjer traktoren ser interessant ut. Den vil bli prøvd i allsidig gardsarbeid. Årleg går traktorane hans opp mot 2000 timar. Fendt er enno ikkje i gang med serieproduksjon av nye 300-serien, men vinnartraktoren er bestilt som prioritert ordre, og vert levert med såkalla Skjelin-spekk, så her skal det ikkje mangle på utstyret.

Rette linjer på Averøy

– Årets julegåve! utbryt Arnstein Dragsten frå Averøy i Møre og Romsdal. Saman med kona driv han mjølkeproduksjon med 200 tonn i kvote i eit lausdriftsfjøs dei bygde i 2001. Premien, ein Trimble EZ-guide 250 frå A-K maskiner, blir trekt mellom dei mange med 24 rette svar. Den dagen BG-nissane hadde dette bonusspørsmålet: "Hvorfor bør DU bør vinne en av de flotte hovedpremiene, og hvilken har du mest lyst på, hvis du trekkes ut som vinner?", svarte Arnstein "Jeg bør vinne fordi alle innsendte svar er riktig, og for å holde meg på rett spor fremover... med premien jeg ønsker meg."Så gjekk det akkurat slik. GPS-en får Arnstein til odel og eige.

Slåmaskina får pause

Kjetil Soltveit frå Sletta i nabokommunen til Mongstad i Hordaland har slepeslåmaskin frå før, men i år skal denne få kvile eine slåtten. Kjetil har nemleg vunne to veker fri bruk av Orkels nye slepeslåmaskin. Og det passar jo bra. Kjetil har 120-130 mål å slå, i teigar som varierer frå to til 25 dekar kvar. Han har drive på heiltid sidan 2007, og har i dag ein mjølkekvote på 120 tonn.

Takkar sonen for Krone-tur

Det var sonen på 12 år som fekk Thomas Urnes frå Fortun i indre Sogn til å hive seg med på BG-nøttene, og resultatet vart 23 rette svar og ein tur til Krone-fabrikken, gitt av HCP. Det er eit kjærkome avbrekk frå fjøsbygging og gardsdrift. Thomas driv i samdrift med mjølk, i tillegg til å ha 100 vinterfôra sau sjølv. Snart skal sauene bli dobbelt så mange, i nybygd fjøs. – Vi køyrer Fendt og pressar med Orkel HiQ, og eg er utdanna landbruksmekanikar, så teknikkinteressa er stor, konstaterer Thomas. Han har vore på Orkel-fabrikken i samband med pressekurs, men å besøke Krone i Tyskland er slett ikkje dumt det heller. Nøtteknekkinga er i stor grad gjort i samråd med sonen, som har arva faren si teknikkinteresse. Det er ikkje urealistisk at junior får seg ein suvenir frå Tyskland i løpet av året...

Iherdig innsats=messetur

Heime hos Eva Hernes frå Levanger i Nord-Trøndelag er BG-nøttene ein aktivitet for heile familien. – Av og til må det googlast litt. Ein dag endte vi opp på Lovdata for å finne svaret. Traktoren på julaftan var vanskeleg, sjølv om vi har New Holland sjølv, seier Eva, som likevel enda opp med 24 rette. Det er mannen som driv garden med 170 tonn mjølkekvote, mens Eva sjølv jobbar på laboratorium på Kvithamar, vegg i vegg med Bioforsk. Der sjekkar ho vatn, kraftfôr og anna, med analyser for slikt som salmonella, protein, feitt og så vidare. Premien er gitt av Lantmännen maskin, og er ein tur til Valtra- eller Claas-fabrikken.

Raud fabrikktur til blå mann

Ivar Svare frå Vågå i Oppland reiser meir enn gjerne på tur til MF-fabrikken. – Men eg er ikkje MF-mann, skundar han seg å seie. Ivar har arbeidd i A-K maskiner i sju og eit halvt år, og traktorparken heime består av Fiat og New Holland. Han slutta i A-K for halvanna år sidan, og er i ferd med å overta gard etter faren. Drifta består av mjølkeproduksjon i samdrift med 150 tonn i kvote og fullt påsett, pluss 100 vinterfôra sau. Jorda er slik utforma at Vossakasso stadig er i aktiv bruk, i tillegg til at samdrifta pressar kring 1000 rundballar årleg. I tida som A-K-mann vart det aldri nokon fabrikktur på Ivar. Om ein Frankriketur med Massey Ferguson er nok til å omvende han er det for tidleg å seie noko om, men Ivar gler seg alt no. Ivar leverte 23 korrekte svar. Ein dag gløymde han å sende svar. Det skal aldri gjenta seg!

BG-nøttene er morgonrutine

Heime hos Eileen Aasheim på Osterøy i Hordaland har det vore fast rutine kvar dag i desember: Kaffi og BG-nøtter. Dette har vore ein suksess: Før januar er omme er innsatsen omgjort til ein tur til Lamma-utstillinga i England, gitt av Hektner maskin for den landbruksinteresserte dama. – Spørsmåla har vore slik at han eg bur med har visst svara på nokre, og eg har visst nokre. Eileen og mannen har ikkje overtatt garden etter svigerfaren enno, men det ligg i korta at det skjer ein dag, og dei er ofte med i arbeidet. Bruket har 15 mjølkekyr og 30 sauer, godt tilpassa ressursgrunnlaget. Bruket Eileen vaks opp på er overtatt av broren, som nyleg har bygd stor fjøs.

Grill for bonussvar

Gassgrillen frå fjøsfolket i FK Agri bestemte BG-nissane å gjere noko spesielt med. Den gjekk til Kåre Grindland frå Finsland i Agder. Kvifor kan du lese om i ein eigen artikkel om litt.

Powered by Labrador CMS