Du er her

Hovedpremier BG-nøttene 2016

Er du standhaftig, er sjansen stor for å vinne hovedpremie i årets BG-nøtter. Her er maskiner du kan få til fri bruk i fire uker når du trenger dem som mest, her er trivelige faglige turer, og her er nyttige produkter du vinner til odel og eie.

Verdien av alle gåvene i BG-nissane sin velfylte premiesekk er ein plass over 200 000 kroner. Og du deltar aldeles gratis, utan noko slags plikter. Så er det da også jul – og BG-nøtter – berre ein gong om året! 

 

Hovudpremie 22 rette: Kubota M7

Årets største premie er frå Svenningsens: Ein Kubota M7. Den får du til fri disposisjon i fire veker når det passar deg best, om det er du som blir trekt ut. Kubota M7-serien er ein nykomar med firesylindra motorar, mekanisk eller trinnlaus transmisjon og inntil 170 hk.

Hovudpremie 22 rette: Massey Ferguson 4700

 Årets BG-nøtter har ikkje berre ein, men to traktorar i premiesekken: Eikmaskin stiller med splitter nye Massey Ferguson 4700, ein tresylindra traktorserie med mellom 75 og 110 hk med ny mekanisk transmisjon.  Du kan vinne den til fri bruk i fire veker.

Hovudpremie 22 rette: Duun beitepussar

Tidenes første norskproduserte beitepussar kan kome heim til deg, aldeles gratis, i fire veker. Duun stiller med denne premien. Beitepussaren er det første norske produktet sertifisert med Strenx stål, eit døme kva norsk landbruksmaskinindustri har å by på.

Hovudpremie 22 rette: 300 meter ferdig oppsett HT nettinggjerde

HT-gjerde byr på varige verdiar, og kjem heim til deg og monterer 300 meter ferdig oppsett nettinggjerde, profesjonelt utført med godt spenn.

Hovudpremie 22 rette: HMV koplingsramme og reiskapsramme med hengarkule

HMV-eigar HMR legg ei grøn og ei gul ramme i premiesekken: Den originale firkant-hurtigkoplinga får følgje av ei reiskapsramme med tilhengarkule, ein premie du får til odel og eige.

Hovudpremie 22 rette: Fagtur til SACs mjølkerobotfabrikk i Nederland

G.K.Røe spanderer tur for to, inklusive reise frå Gardermoen, kost og overnatting, til SAC sin mjølkerobotfabrikk i Nederland. På turen blir det også gardsbesøk. G.K.Røe dekkjer vidare inntil 1500 kroner i kostnader til innanlands reise.

Premie 24 rette: Reise til Sima og Paris

Franske Fagmesser spanderer reise og opphald for ein person til Paris, og årets store fagmesse Sima.

Premie 24 rette: Reise til Kronefabrikken i Tyskland

H.C.Pettersen spanderer reise og opphald for to personar til grashaustemaskinprodusenten Krone i Tyskland.

Premie for beste kommentar: Gassgrill frå Felleskjøpet i-mek

Også i år vil BG-nissane kåre ein vinnar mellom dei som sender inn kommentarar på bonusspørsmålet, og vinnaren får ein gassgrill spandert av dei som styrer med innandørsmekanisering i Felleskjøpet Agri.

Premie for beste instagram-bilete: Kamerasett frå EloTec

Legg du ut bilete på Instagram, merka med #BGnøttene, er du med i trekninga av kamerasettet EloCam 2.0 med fire trådlause fjøskamera med overføring via internett til smarttelefon, pc eller nettbrett.

Premie trekt mellom alle som deltar: Strøvogn for ATV e.l. frå Sisu Produkter

Alle som sender inn svar er med i trekninga av ein slept ein meter brei sandsrøar frå Sisu Produkter. Denne kan brukast bak ATV, bil, kompakttraktor eller anna køyrety med 50 mm kulekopling.