HMV blir HMR

HMV gjekk konkurs for to veker sidan. No er dei i gang att for fullt, med HMR Group som ny og engasjert eigar.

Publisert

Det er firmaet HMR Group AS som har kjøpt konkursbuet etter Hordaland Mekaniske Verkstad. Bokstavane til den nye eigaren betyr Husnes Mek. og Rør, og konsernet har frå før avdelingar i Husnes, Årdalstangen, Øvre Årdal, Sunndalsøra og Halsnøy i tillegg til nokre plassar i utlandet. Kjerneverksemda er produkt retta særleg mot prosessindustrien.

Konserndirektør Knut Prestnes har stor tru på framtida for HMV. Dei aller fleste tilsette vil kunne halde fram i arbeidet sitt. Produkta går vidare som vi kjenner dei, i tillegg til at selskapet vil satse minst like sterkt som før på produktutvikling.

Grunnen til at HMV gjekk konkurs, var vanskar kring deltaking i eit bruprosjekt i USA, i tillegg til at alt ikkje gjekk som det skulle i samband med engasjementet i Storebælt-utbygginga. Prestnes understrekar at problema ikkje var knytte til sjølve produkta som vart leverte.

Frå tidlegare har HMV, i tillegg til produkta mot landbruket, arbeidd med vinsjsystem, produkt for store hengebruer og andre oppdrag innan mekanisk industri. Til landbruket er det særleg hurtigkoplinga som er kjent. Vossakasso er eit anna produkt, og dei seinare åra er det også satsa på utstyr for handtering av husdyrgjødsel. Tidlegare var Vossavinsjen ein slager på dei aller brattaste bruka.

Du finn fleire detaljar i Bedre Gardsdrift nr 7 2004.

Powered by Labrador CMS