Du er her

Høgsesong for maskinleigeprislista

Det er rart med det. I desember er ofte mange som lurer på prisar på leigekøyring og maskinleige. Her er nokre ting å tenke på når du først har prislista framme.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 30.12.2012 00:00

Kvar vår presenterer Bedre Gardsdrift Norges desidert mest omfattande prisliste for maskinleige og leigekøyring, ei liste vi veit blir mykje brukt. Vi står inne for jobben vi gjer med den, men erkjenner samstundes at lista aldri blir betre enn kjeldematerialet vårt. Difor treng vi di hjelp, på mange vis. Kan hende er du av dei som i desse dagar tar ein ekstra titt i BG 3/2012, der prislista står på trykk. Då kan du gjerne nytte sjansen til å sjå om der er noko du kunne tenkt deg annleis.


Ingen spørsmål for små

Er potetopptakinga feilprisa? Ville du heller hatt dagspris på leige av hengar for transport av dyr? Er det verkeleg rett å ta seg så godt betalt for å leige ut traktoren? Korleis klarer vi å få den betalinga som må til når vi driv jordarbeiding i steinrik jord? Og kor mykje er det verd at vi gjødslar med GPS? Alle slike ting vil vi ha innspel om, for vi skal halde fram å lage den aller mest nyttige prislista akkurat for deg og ditt behov.


Ta kontakt!

Vi vil svært gjerne at du tar kontakt på telefon eller epost, dersom du finn prisar som du stussar på, eller om du har andre innspel.Epostadressa kjem fram om du klikkar på namnet mitt i toppen av artikkelen. Du kan ringe meg på 90 64 65 53, helst i sånn omlag ordinær arbeidstid på vanlege arbeidsdagar.


Bli med, du og!

Vi nyttar også høvet til å inviterer deg til å bidra med dine prisar. Om du ikkje fekk spørsmål frå oss i vår, vil vi gjerne registrere deg no. Send oss epostadressa di, så tar vi kontakt når vi startar sankinga av prisane. Adressa di vil ikkje bli brukt til andre formål, og all kommunikasjon mellom oss vil vere konfidensiell. Vi nyttar heller ikkje namnet ditt i bladet utan at dette er avtalt og godkjent.


Kan ikkje vere gratis

"
Lurer du på kor årets prisliste er? Den står på trykk i BG 3/2012, og berre der. For du gir vel ikkje bort finaste biffen frå premieoksen din gratis, du heller? Bladet kjem i postkassen om du er abonnent, eller du kan kjøpe enkeltutgåver herifrå. Den førre lista er utgått på dato, så den kan du laste ned her heilt gratis. Om du har vore uheldig og rota bort bladet (vedipapir skal handterast skikkeleg!), kan vi hjelpe deg om du sender oss ein epost.

"