Du er her

Gull frå grøne skogar?

Den skal berge miljø, hindre attgroing, sikre landbruksdrift og nær sagt det meste av alt som er godt. Er verkeleg bioenergi redninga?
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 17.06.2010 11:22

Ikkje lenge før siste stortingsvalkamp var ein grøn minister på plass i Stryn for å offisielt opne fjernvarmeanlegget som går på trevirke. Eit ekte biovarmeanlegg, altså. No har anlegget to rekneskapsår bak seg, og tala der er like raude som miljøprofilen er grøn.
Mange tenkjer nok at eit biobrenselprosjekt i turistbygda Stryn må vere bra, for då kan jo dei grøne tunellane langs vegane fjernast, så den overveldande naturen omkring kjem til syne. Men nei da, stort sett er det opphakka pallar og anna emballasjevirke som brenn i omnane. Du skal ikkje køyre mange hundre meter frå biobrenselanlegget før du er på tur i skogen, enda fjorden blenkjer få meter unna. Å hogge skog er nemleg for dyrt.
Om du ber om å få levere biobrensel, så ver så god. Dette er svaret vi fekk: Dersom ferdig kvista og opplagt virke kunne hentast gratis, skulle vi under tvil sleppe å betale for transporten.
Det kan godt hende at økonomien blir betre på sikt. Og det ville vere rart om betalingsviljen for skogsvirke til biobrensel er like låg alle plassar, men store pengar er her uansett ikkje.
Det er berre å sjå til i Sverige, der satsinga på bioenergi er noko lengre komen enn her i landet. ATL melder at bonde Per Karlsson meiner bøndene må slutte å levere biobrensel frå skogen før betalinga blir betre.
– Dette er jo ikkje skogsavfall. Det er verdifull energi, seier han.
Eit typisk oppgjer til ein svensk skogseigar er 50 kroner pr. kubikkmeter flis. Dette volumet tilsvarer i beste fall ein megawattime. Varmeverket betaler kring 200 kroner for ein megawattime skogsbrensel, og sel fjernvarme for omlag 750 kroner pr. megawattime. Til samanlikning betaler ein villakunde kring 1000 svenske kroner for ein megawattime med olje. Per Karlsson meiner LRF (det svenske bondelaget) må ta tak i problemet. Han trur beste løysinga er at det blir utvikla ein modell der bøndene sjølve eig og driv varmekraftanlegga. I så fall får bøndene hand om litt fleire av kronene som blir borte på veg frå sluttkunden til skogseigaren.

Slike anlegg finst her i landet. Der dei ikkje finst, er det mykje som tyder på at det er vel så god økonomi i å la skogen rotne på rot, som å selje den til moderne biobrensel.