BGnøtter12-24

God jul!

BG-redaksjonen, BG-nissane og alle andre i BG-staben ynskjer deg og dine ei retteleg god jul! Treng du ting å fylle den med, kan du gjerne sjekke ut nokre av våre tips.

Publisert

God jul frå alle oss i Bedre Gardsdrift!

Reint bortsett frå BG-nissane har alle andre knytt til Bedre Gardsdrift tatt juleferie, og helsar alt vel for jula og det nye året til deg og dine!

Fram til første veka i januar vil gardsdrift.no vere sporadisk oppdatert, men kjenner vi folket rett vil her vere aktivitet på debattforumet jamt og trutt. Du kan også lese deg opp på tidlaus kunnskap derifrå eller frå artikkelarkivet vårt. Brukar du romjula til å få på plass ymse papir, finn du nyttige skjema til fri nedlasting under "Dokumenter" i venstremenyen.

BG-nissane tar ein liten pustepause etter ein intens desember, der dei har dyrka fram nye nøtter kvar dag og brukt eit heilt nytt verktøy til å få ut desse nøttene med. Fullstendig oppdatert liste over svar, kommentarar og vinnarar kjem så snart nissane maktar å få det på plass. Vinnarane av hovudpremiane i BG-nøttene tar det litt tid å trekke, fordi BG-nissane er nøye på kvalitetskontrollen, slik at ingen skal gå glipp av vinnarsjansen sjølv om dei til dømes har skrive namnet sitt feil ein dag.

Vil du sjå oversikten over spørsmål og svar, og ikkje minst plukke gullkorn frå nøtteknekkarane, er svar-fila sånn den ser ut akkurat no å finne her.

God jul!

"
Powered by Labrador CMS