Du er her

Gi bøndene pengar!

Det er riv ruskande gale at det offentlege brukar 200 millionar kroner i året for å marknadsføre naturen vår i utlandet, og så må turistane ha med ljå for å finne den.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 01.08.2007 04:35

Det seier Terje Devold, direktør for FjordNorge AS til Dagbladet. Saman med ei rekkje ordførarar meiner han verdsarvstatusen til vestlandsfjordane kan ryke, om ikkje bøndene får meir pengar til å stoppe attgroinga.
Vil sjå natur
Det treng ikkje vere sol og varme turistane leitar etter når dei legg ferien til Noreg. Naturen er kan hende viktigaste lokkematen. Storslått utsikt, fjordar, fjell og fossar lokkar bilturistar i hundretusenvis til landet, og til verdsarvområde som Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.
Det vi så byr fram, er vegar der skog og kratt står så tett at turistane like gjerne køyrd tunnel.
Styresmaktene må reagere
Terje Devold er lite imponert over innsatsen til styresmaktene, og meiner dei på langt nær tar problemet på alvor.
– Kantslått og lokale dugnadsaksjonar monnar ikkje, konstaterer han.
Treng fleire bønder og beitedyr
Devold nemner Geiranger som eit døme på ei bygd der det er sett i gang dugnad mot attgroing. – Problemet med eldsjeler er at dei sloknar etter kvart. Både kantslått og andre tiltak gror til igjen etter ei lita stund. Det er rett og slett for få bønder og beitedyr att til å halde kulturlandskapet ved like, seier FjordNorge-direktøren.

Gi betalt for arbeidet
Det er berre beitedyr og hardt arbeid frå bøndene som hjelper for å ta vare på kulturlandskapet, slær Devold fast. I viktige område må difor bøndene få betalt for den jobben, utan å måtte tenke effektivitet og lønsemd som i dagens landbruk.
Kan tape verdsarvstatus
– Å få UNESCOs verdsarvstatus og bli kåra som betre enn mellom anna Grand Canyon av National Geographic Society er større enn å få tildelt OL. No kan vi risikere å miste heile statusen på grunn av attgroing, seier ordførar i vedsarvkommunen Norddal på Sunnmøre, Arve Sandnes til Dagbladet.
– Statusen skal vurderast kvart sjette år. Det er ikkje berre vegane og utsikten som blir råka av attgroinga. Gamle gjerde, bruer, ferdselsårer og andre minne etter forfedrane våre forsvinn også etter kvart som den ville naturen tar overhand. Dermed er det lite att av arven, og statusen er truga, seier han.
Treng lommerusk
Seks ordførarar frå verdsarvområda i Noreg har slått seg saman i eit verdsarvråd, leia av Sandnes. Dei pressar på for å få tiltak mot attgroinga. Ei kalkyle viser at tiltak mot attgroing i desse områda kostar kring 15 millionar årleg. Det er småpengar. – Mykje av pengane må brukast for å gjere det mogeleg for bøndene å ha beitedyr, men det hastar. Mange sit på gjerdet, klare for å sende buskapen til slakt og legge ned drifta, forte Sandnes.