Dagspremen for vaksne i BG-nøttene på julaftan er eit gardsnamnskilt i stål, på 2x1 meter, utforma i samråd med vinnaren. Dalen stiller med denne unike premien.

Gardsnamnskilt til Brandbu

Gudbrand Hoff frå Hadeland kan snart gjere det ekstra klart og tydeleg for folk kor han held til. Den ferske bonden vann gardsnamnskiltet i BG-nøttene julaftan.

Publisert

Gudbrand har no drive gard i eige namn i ganske nøyaktig eitt år. Før det forpakta han delar av produksjonen i fire år, og han trivst godt med arbeidet. Eller: Veldig godt, for å vere presis.

Drifta omfattar 750 mål med korn og poteter, der kring 50 dekar er potet. Det er ikkje meir enn det må vere, for å forsvare maskiner og innsats. I tillegg driv han smågrisproduksjon, som sikrar at han kan drive som heiltidsbonde. Gudbrand har 26 purker med åttevekers puljedrift, og han er medlem i purkering. Den årlege produksjonen på kring 2000 smågris blir seld.

– Eg har vore med på BG-nøttene i mange år, og det er ein fin førjulstradisjon. Målet er 24 rette kvart år, og det brukar eg stort sett å klare, kommenterer Gudbrand.

Så er da nok også bakgrunnskunnskapen brukbart grei. Før han tok til å pakte gard, studerte han på Blæstad. Rett som det er ser han at lærdomen derifrå kjem til nytte, i tillegg til at skulegangen også førte med seg eit kontaktnett som har ein fin verdi.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS