Gardsdrift.no over 100 000

Bedre Gardsdrift si nettside passerer i dag 100 000 besøkande.

Publisert

Nettsida vart opna 26. november 2000, like før utstillinga Agroteknikk på Sjølyst. Frå den dagen har besøket auka jamt. Særleg den siste tida har utviklinga vore god. Det vil ikkje gå mange månadane før dagens besøkstal er dobla, om pågangen vi har opplevd etter jul held seg.

Gardsdrift.no markerer seg i dag som ei av dei største nettsidene retta mot landbruket. Rett nok kan ikkje besøkstala våre måle seg med til dømes landbruk.no, som serverer daglege nyheitsklipp frå andre nettaviser, og langt mindre med nettsidene til VG, Dagbladet og Sol.no.

Likevel er vi godt nøgde. Lesarane av Bedre Gardsdrift kan gjennom gardsdrift.no få tilleggsinformasjon eller ekstratenester, ut over kva vi kan gi gjennom bladet. Samstundes kan folk som ikkje abonnerer på bladet få ein smakebit på kva vi skriv om.

Ingen andre frittståande nettsider i Noreg byr på stoff om landbruksteknikk slik gardsdrift.no gjer det, og ingen andre har ei så omfattande peikarsamling for teknikkinteresserte. Kombinasjonen av artikkelarkiv, peikarsamling, bruktbørs og den nye seksjonen Fri! gjer gardsdrift.no til ein unik plass på nettet.

Noko anna som gjer gardsdrift.no spesiell, er at nettsida går med overskot. Berre det kan vere verd ei lita markering, i desse nedgangstidene for IT-bransjen.

Powered by Labrador CMS