Du er her

Fy skam!

I år etter år har norske bønder streva for å halde på retten til å ferdast på fornuftig vis langs vegen. Så kjem eit lass som dette.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 05.02.2011 13:53

Når eitt bilete seier meir enn tusen ord. (Faksimile: bt.no)

Han sparte nok ti minutts arbeid, då han gav blaffen i lastsikring, men tida det vil ta å rette oppatt skaden er uendeleg lang, og den råkar ei heil landbruksnæring. Det finst ingen formildande omstende for å køyre med slike lass.
Alle som har følgt litt med i verda dei seinare åra, veit at traktor på veg ikkje støtt er veldig populært. Alle veit også at folk flest til ei kvar tid har med seg mobiltelefon, og med den går det an å ta bilete. Og bilete tatt med mobiltelefon på ein bygdeveg i Hordaland, hamnar på eit blunk på framsida av bt.no og aftenposten.no og sikkert også mange andre plassar, og alle vi som arbeider med å sikre traktorens rett til å ferdast i trafikken, vil bli møtt med dette i årevis framover. " Difor er det god grunn til å henge seg på signaturane Anders And, Wold landbruk og Jekkestropp på debattforumet på gardsdrift.no, som skriv "Kan dette være nødvendig?", "Dette kvalifiserer til årets bommert 2011" og "Slike apekatter (...) setter en hel næring i et dårlig lys". Du finn tråden her. "
Politiet seier til BT at lasta på hengaren kunne gitt ei bot på 6-8000 kroner, evt. vesentleg høgare om andre hadde blitt skadd som konsekvens av lasset.
Det kan også nemnast at eit av bileta (tatt av passasjeren i bilen bak) i reportasjen på Bergens Tidendes nettsider viser at traktoren, ein John Deere i 6030-serien, køyrer med rundballespydet på frontlastaren omlag i frontrutehøgde. Ein del plassar i landet gir slik lastarbruk bøter i området 4000 kroner.
Turen kunne også blitt dyr økonomisk, i tillegg til den store kostnaden omdømet til norske traktorsjåførar alt er blitt påført.  Moralen er grei: Køyr alltid slik at du og ekvipasjen din toler å bli fotografert og filma, og slik at du slepp å forsvare kva du har gjort. Det slår aldri tilbake berre på deg sjølv, det du gjer som bonde.