traktorvelt loen f

Framleis kritisk etter traktorulukke

Statusen til den skadde etter traktorulukka i Stryn onsdag er endra til kritisk, melder Haukeland. Mannen brukte ikkje setebelte. 

Publisert

Traktoren og traktorføraren vart utsett for brutale krefter etter at den skei ned fruktfeltet.

Mens meldinga frå Haukeland universitetssjukehus straks etter ulukka var at tilstanden var alvorleg og ustabil, seier siste oppdatering torsdag at tilstanden er kritisk. Politiet fortel at mannen har store knusningsskader i bekkenet og store skader i brystregionen.

Politiet og Arbeidstilsynet har vore på staden og etterforska ulukka. Politiet seier at dei ikkje mistenkjer at bonden som har mannen i arbeid har gjort noko ulovleg eller straffbart.

Ulukka skjedde under arbeid i eit fruktfelt. Ulukkestraktoren er ein eldre Fiat 55-46. Til arbeid i fruktfelta har garden ein annan traktor som skal brukast.

Spor på staden viser at traktoren har mista grepet i det den svingar inn mellom frukttrea. Derifrå har den sklidd framlengs ned den bratte bakken, hoppa utfor ein meterhøg mur, før framparten har stuka i bakken. Vidare har traktoren nærast stupt kråke framover, så framdelen av hytta er blitt slengt i bakken med heile vekta av traktoren over seg, før traktoren har rulla over på sida og lagt seg til der.

Mykje tyder på at firehjulstrekket ikkje har vore innkopla. Politiet på staden stadfestar til Bedre Gardsdrift at det ser ut til at ulukka har skjedd på dette viset.

Framdelen av hytta er blitt deformert, noko som tyder på at det har vore store krefter i sving. Elles er rommet kring førarplassen intakt. Føraren har ikkje brukt setebelte, og han vart liggande i klem. Vitne som kom til klarte å få han laus, før han vart sendt til sjukehus med luftambulanse.

Powered by Labrador CMS