Du er her

Frå, til og middelpris

Kor skal eg legge prisen min? Det er eit heilt vanleg spørsmål, og for å hjelpe deg har vi tre prisar: Frå, til og middelpris.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 24.04.2012 12:37

I Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring viser vi høgaste og lågaste representative innrapporterte pris. Med andre ord held vi prisar med store avvik utanom. Eit døme på det er sprøyting, der vi får inn nokre heilt få prisar i området mellom 40 og 50 kroner, men der kjeldene våre poengterer at denne prisen gjeld for små og ugreie areal. Altså er ikkje dette kva vi kan kalle for ein normalpris, så difor er høgaste oppgitte dekarpris vi har med kr 35. Middelprisen viser kor i landet løypa ligg. Dette er ein pris vi set manuelt, ved å gå gjennom samtlege prislinjer i lista vår manuelt og avgjere kva pris som er mest representativ.

Grunnen til at vi vel å oppgi alle desse tre typane prisar, er at vi vil hjelpe deg med å få ein ide om kva som er den mest høvelege prisen for deg. Du veit kva som er det mest vanlege, og kor høgt eller lågt det er normalt å gå, vel å merke under normale forhold.
Eit døme på korleis vi kjem fram til tala du ser: Prisen på sanking av rundball er i middel 18 kroner i år som i fjor. Der ligg tyngda av prisane vi har fått inn. I fjor låg fleire nede i området kring ein tiar pr. ball, mens berre ein var over 20. I år har nær alle som tok ein tiar lagt på fem kroner, mens vår mann på 25 kroner har fått selskap av fleire. Difor er frå-prisane endra frå 10 til 15, og til-prisen har gått opp frå 20 til 25.
Likevel er stadig tyngda på 18 kroner, noko vi både ser når vi sorterer prisane manuelt, og når vi tar eit gjennomsnitt av dei representative prisane. Hadde vi operert med desimalar, har gjennomsnittet auka frå 17,7 til 18,2 - altså avrunda til 18 kroner pr. ball.Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring blir postlagt 26. april 2012. Det nest beste alternativet til BGs ferskaste liste er vår nest ferskaste, og den finn du her. Her finn du også ymse artiklar og tips om leigekøyring og maskinleige.

"