Gå til innhold

Orkel SK 2610


Halvor M

Anbefalte innlegg

Hei

Har kjøpt Orkel SK 2610 som gardsfres. Så langt fungerer den fint med mykje snø, også kram. Lite snø fungerer derimot ofte litt mindre bra. Kan feks brøyte fra tunet og opp til riksvegen, og det går strålende. Retur derimot med halv bredde går ofte dårlig, tetter raskere enn du kan si kake..

Fresen er grei til å dra med seg snø, og starter overaskende greit full av snø. Den er relativt tung og klarer greit å ta med seg issvuller. Å rydde vekk snø fra ubrøyta plasser fungerer fint. Fresen er gira til 540 i dag, men kan gires om til 1000. Det siste alternativet er sansynligvis mest aktuelt ved frontmotering. Det blir truleg ikkje aktuelt for meg.

Den er og litt rar med tanke på at viftehuset sitter på sida, og blir derfor litt sidetung. Har derfor montert ei ramme med 6 belastningslodd på motsett side bak for å få den litt meir jamntung. Det gir litt betre balanse. Det blir også fort liggande snø oppå fresen bak når den skal kaste snø over til den andre sida av vegen. Tuten er og litt utsett sidan den står på den eine sida. 

Har nokon tips om kvifor fresen fungerer relativt dårlig med lite snø? Har begynt å fundere på om det hadde fungera betre dersom vifta hadde gått raskere enn innmatinga slik som for ein moderne to-trinnsfres.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har same type fres og har gjort meg like erfaringar. Dette er nok ein fres som fungerer best til brøyting av vegar eller lange, smale tun. Synest ikkje han kastar betre enn nødvendig, men det er ikkje noko problem til høgre. Då får ein det alltids unna. Dette med å få med lite snø er kanskje ein kombinasjon av at vifta kunne gått raskare og at det ikkje er vanleg skrue i innmatinga, det er jo hengsla skovlar som sikkert ikkje er like gode til å få sopa med seg små mengder. Derimot er dei solide og veldig gode når det er mykje snø.

Min er forøvrig til sals :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har nå forsøkt å ta av dei fire hengsla skovlane som sitt tett på vifta. Har fundert litt på om den har flytta snøen raskare sidevegs enn vifta klarer å få unna. Etter litt testkjøring virker det som eit skritt i riktig retning.

Min far tok og ein telefon til Orkel, og den han snakka med sa at det kunne og være for stor klaring mellom vifteblada og sida i viftehuset. Han sa at nokon hadde valgt å få bøyd til ei plate i sirkelform for å gjerne spalta mindre. Eit anna alternativ kan være å skøyte på vifteblada ved å sveise på bitar av flattstål ovantil om ein tar av tuten.

Håper å kunne få fresen til å jobbe tilfredsstillande ?. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Har vurdert slik snøfres sjølv, da den virker ganske allsidig, og solid bygd. Men er jo kjedelig om det ikke skal fungere på mindre snø. Endel av tanken bak den fresen var jo at en ofte brøyta smalere veger, og dermed hadde ei smal stripe på "returen", og at en skulle bruke mindre diesel for å kaste snøen inn i midten, men heller mate rett inn i vifta.

Ganske unikt design da, og har ikke sett flere som har hengt seg på akkurat den løsninga. Mener å ha sett en Duun fres, den også med vifta montert lenger til høyre, men likt som en vanlig totrinns-snøfreser med innmaterskrue. Usikker på hvordan den fungerer i praksis.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...