Du er her

jobes bilde
jobe
Logget av
Innmeldt: 24.05.2017
Fårebreidde med 1-skjærs plog (nybrotsplog)

Korleis stiller ein fårebreidde med ein slik plog?

Eg skulle hjelpa nokre vener å venda lite gamal eng til potetåker. Dei har ein Volvo 500 traktor (ca 118 cm mellom bakjhula) og ein 16" Kyllingstad nybrotsplog med ca 85 cm dragaksling. Han som køyrt før finst ikkje meir.

Eg fekk til å laga ein fyrste får på ein måte (mykje røter og stor stein), men skjønar ikkje korleis eg ska stilla fårebreidda. Plogen vil sentrere seg bak traktoren og så breidda vart minst 60 cm - og det greier han ikkje å velte så klart.

Det er ein spak som en kan rotere akslinga med slik at spissen peikar meir til anten høgre eller venstre. Eg tenkte att spissen ska meir til høgre, men det hjalp ikkje heilt.

Eg har berre pløgt med 2-skjærs plog før, og det er ein del år sidan... Takksam for tips og innspel, så kanskje dei får poteter i bakken i år.

frøsarns bilde
frøsarn
Gjest
Bla til side 22.

Bla til side 22.

https://viken.nlr.no/media/ring/1212/Lars-Arne%20Høgetveit/Veien_til_bedre_pløying_2009.pdf