Gå til innhold

korfor stygg silo?


Gjest

Anbefalte innlegg

Har ca 25 vf sau, men er plaga med stygg silo. Har fint gras, legg i silo på 2 dager, har ein mann i silo som javner og bruker grasaat samt ett solid vasspress.

Det som er problemet er at ute i kantane er den mygla det begynnte for ca 3 år sia, før det var siloen heilt fin. Noken plasser  er det ikkje berre kvitmygl men skikkelig svartråte, er varmgang i det og lukter pyton. Ellers er siloforet heilt fint og ser ut og lukter som silo skal. Før årets seson så kledde me siloen innvendig med bygningsplastikk som me festa med tynne lekter. Er ikkje fult så gale som i fjor når den ikkje hadde plast innvendig men er ganske utrivelig allikavel. Siloen er ein tresilo 5m diameter og seks meter høg oppsatt i -78 skulle halda i 30 år og det gjorde den og. Heiter vistnok "møresilo"  Før når me hadde 5-6 kyr pluss påsett og ca 10 vf sau så var siloen alltid heilt fin. Så eg trur ikkje at det har noke med kvalitet på graset, syra, presset eller noke sånt. Det eg trur er at enten så leke siloen luft eller så er utaket av silo for lite sån at det rekke å mygla. Noken som har ein ide om kva som er gale? Og kanskje kva som kan gjerast?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...