Du er her

gmail_1s bilde
gmail_1
Logget av
Innmeldt: 23.01.2011
Rundballekuttar på hjul, alternativ.

Har per dags dato utforing med Orkel F3. Den kuttar jo ikkje, men er elles veldig grei i bruk. 
Eg har bruk for ein som kuttar foret, men har ikkje plass til eller bruk for fullforvogn.
Garden er for liten til å investere i kompliserte greier med automatisk foring. Dette fiksar eg sjølv når eg er i fjøset for mjølking.

Er det andre enn TKS K2 som passar?

Karl Daniels bilde
Karl Daniel
Logget av
Innmeldt: 23.09.2008
Tror nok det er bare TKS K2

Tror nok det er bare TKS K2 som er alternativet da, kan hende Serigstad har noe greier på hjul, men kan ikke huske å ha sett det.

 

Jon Bondes bilde
Jon Bonde
Logget av
Innmeldt: 17.04.2017
Oppheng

Hvis du har mulighet til å henge riveren i ei skinne, blir vel valgmulighetene større. Da har du i allefall mulighet til å se på en serigstad. 

Josfla_1s bilde
Josfla_1
Logget av
Innmeldt: 11.02.2015
Kan ikke fore f3 din med en

Kan ikke fore f3 din med en rundballekutter da?  Da er mulighetene flere på Finn.no hvertfall. 

Karl Daniels bilde
Karl Daniel
Logget av
Innmeldt: 23.09.2008
Ideen til Josfla_1 er ikke så

Ideen til Josfla_1 er ikke så dum, da får du beholde F3en som er ei udødelig maskin, samt at den får et mye lettere liv..

Jeg har jo selvfølgelig litt lyst til å selge den en stasjonær blander, men det er jo kanskje litt overkill..  :-D

Men helt klart et godt tips, det Josfla_1 kom med!

gmail_1s bilde
gmail_1
Logget av
Innmeldt: 23.01.2011
Største problemet her er at

Største problemet her er at det er knapt om plassen. Fjøs/forrom og låve er plassert på kvar si side av ein plansilo. Derfor må ein bygge om ein del for å få plass til ein kuttar over fôrutleggaren og eg er ikkje sikker på om det hadde blitt plass utan å flytte kraftforsilo og heve taket. Så det utgår. 
Takhengt er og problematisk. Det er ikkje allverdens takhøgde og skinnebanen til mjølkeanlegget kjem også i konflikt.
Men eg har ikkje så stor fjøs, så eg kan sikkert klare meg med hjulgrabb. Fôret blir vel relativt lett å handtere etter kutting? Elles såg eg ein Serigstad med hjul på ein youtubevideo, så det er nokon som har det. Kan jo vere heimelaga for alt eg veit.
Ein eg snaka med meinte at K2 nesten ikkje kutta, men det kan hende han tenkte på K1, utan at eg veit skilnaden på dei.

LANs bilde
LAN
Logget av
Innmeldt: 11.05.2018
Serigstad

Det finnes hjulsett til Serigstad RBK, har sett det sjøl. Men da må man antakelig i en eller annen bortgjemt låve for å finne det, har ikke blitt markedsført på mange år. Opprinnelig skulle hjula ved utmatinga være fast, og svingen ble foretatt med vaier på ett, enkelt, midtmontert drivhjul i bakkant med motor montert rett på navet. Siden kom svingbare hjul til framenden, da kunne bakhjulet låses fast. Aner ikke om dette ble produsert av Serigstad sjøl, eller av tredjepartsleverandører, men har sett det. RBK er nokså brei, så hvis det er trangt med F3, så vil det ikke bli noe bedre.

Men joda, fôret blir atskillig lettere å håndtere med grabb etter kutting. Finnes det mulighet for å sette transportband fra kutter og opp i F3, hvis det ikke er mulig å montere kutter på stativ? 

gmail_1s bilde
gmail_1
Logget av
Innmeldt: 23.01.2011
Har lurt på om eg kan slakte

Har lurt på om eg kan slakte ein gammal Orkel F2 eg har ståande og bruke hjul og styring derfrå til ein eventuell Serigstad. Får sjå :-)

Eg kan i teorien plassere kuttar i botnen av plansiloen, den blir no brukt til fôrlager, og så legge eit transportband derfrå og opp over kanten av siloen. Men det blir mykje som må klaffe og vere i orden og eg veit ikkje om det er bryet verd for å unngå fem minutt med hjulgrabb?

Jamesbondens bilde
Jamesbonden
Logget av
Innmeldt: 08.10.2012
Rundballekuttar

Ka slags foringssystem har du no då sidan du treng kutting? Eg forar med rondballar som eg ristar lause med hydraulisk silograbb på travers. So løftar eg det opp i ein gammal orkel f2. Er ingen problem stort sett med kuttinga på graset. 

gmail_1s bilde
gmail_1
Logget av
Innmeldt: 23.01.2011
Det går i rundballar.

Men dei er ofte for dårleg kutta, og kalvar og ungdyr dreg bingane fulle med lange strå. Dei korkar til gjødseltrekket og tettar nedslepp.
Før i tida gjekk det i forhausta silo og då var dette eit mykje mindre problem.

Jamesbondens bilde
Jamesbonden
Logget av
Innmeldt: 08.10.2012
Eg hadde same problem på

Eg hadde same problem på halvparten av ballane mine i fjor. Då hadde entreprenøren gløymt å koble inn knivane.det var eit helv.. Med vanlig kutting bør det ikkje vere problem med langt gras. Kan det vere same problem kanskje?