Du er her

To flaxlodd for å finne noko rart

Kor grundig les du BGs maskinleigeprisliste? Ein av prisane i årets liste er berre tøys og fanteri. Finn du den, kan du vinne to flaxlodd.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 05.05.2012 09:40

Om du les godt, eller om du berre snublar over det: Ein plass i årets prisliste finn du ein pris vi berre har funne på, av fri fantasi. Alle andre prisar er høgst reelle, og baserte på eit solid kjeldegrunnlag. Denne, derimot, er einaste prisen vi har sett opp heilt av oss sjølve.

Vi tør påstå at dette punktet skil seg såpass frå dei andre prisane at det ikkje skal vere rom for tvil. Vil du likevel ha eit ørlite hint, kan vi nemne at noko slikt har vore vist i eit sært, men prisløna TV-program. Om du skal lese frammefrå, bakfrå eller ut frå midten? Det er opp til deg...
Finn du dette - la oss kalle det avviket - send oss svaret før 1. juni, og du kan vinne to flaxlodd!
Svarskjema finn du her.Og om du skulle lure: Maskinleigeprislista er eit eksklusivt produkt for Bedre Gardsdrifts abonnentar, og årets utgåve er einast å finne i BG 3/2012. BGs liste er den desidert mest solide og omfattande i sitt slag. Bladet vart postlagt 26. april. Om du ikkje held bladet, kan du laste ned enkeltutgåver digitalt herifrå.  

"