Du er her

Fjordane Landteknikk blir Claas-forhandlar

Fjordane Landteknikk AS i Sogn og Fjordane har teikna avtale med Norwegian Agro Machinery.
Av Redaksjonen
Publisert 22.05.2018 12:45

Jan Elling Gloppholm, Frode Refsdal og Dag Eriksen har alle bakgrunn frå A-K maskiner. No har dei slått seg saman under namnet Fjordane Landteknikk AS.

Namnet ble registrert i Brønnøysundregisteret for eit knapt år sidan, og nå kjem pressemeldinga om at Førde-firmaet blir forhandlar av Norwegian Agro Machinery (NAM) i Sogn og Fjordane.

NAM og GEA

Fjordane Landteknikk AS skal tilby alle produkta frå Norwegian Agro, medan all i-mek kjem frå GEA.

Firmaet har oppretta salgskontor i Førde sentrum.

– Vi vil i løpet av hausten få på plass verkstad, butikk og delelager i Førde, forteller Jan Elling Gloppholm.

Fra A-K til eige firma

Han var tidlegare dagleg leiar i A-K maskiner Førde, og blir no dagleg leiar og ansvarleg for sal i det nye firmaet. Frode Refsdal skal være utandørsmekanikar, og Dag Eriksen skal handtere i-mek. Store delar av kvardagen vil dei bli å finne i kvar sin servicebil, fullrigga av nødvendig utstyr.