Fjernstyrt traktorgravar

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift nr. 2/1998)

Rune Yttertun frå Ørlandet har oppfinnarblod i årene. For nokre år sidan kjøpte faren ein gammal Volvo BM traktorgravar.

- Gravaren passar ypparleg til å løfte storsekkane når vi skal fylle kombimaskina, fortel trønderen. Han tenkjer spesielt på høvet til å flytte sekken langs heile gjødselkassen under fylling.

- Men vi meinte det var for tungvint å klatre inn og ut av gravaren for kvar fylling. Mens eg sat på vakt i militæret, dukka ideen om fjernstyringa opp, og konstruksjonen vart skissert på forsvarets papir.

Ideen er enkel og genial: Tre nye spakar vart laga. Eine vart sveisa på ei lang stang, andre på eit rør som passar utanpå stanga, og tredje på eit rør utanpå dette igjen. I andre enden sit det ein kort arm på kvart rør og på stanga. På dei tre originale spakane for sving, bom og stikke vart det sveisa på øyre med skruehol. Mellom armane og spakane går tre passe lange stag. Desse kan enkelt løysast frå originalspakane med ein skrue når gravaren skal styrast innefrå. Heile fjernstyringa er opplagra i to enkle festepunkt. Kuler til dei nye spakane er også heimelaga, og dei er dreia i tre.

Traktorgravaren har også andre finessar. Ørlandet er ikkje akkurat kjent som eit skogsdistrikt, men dei gongane Rune og familien kjem over noko ved, slepp dei å ta fram øksa. Saman med broren har unge Yttertun laga ein kløyvekniv til å montere på eine støttefoten. Sjølve kniven er ei utsliten landside frå ein plog. Vedkubben blir sett på fast grunn på bakken, og støttefoten blir senka ned. Med dette utstyret tar dei grove vedkubbar ingen annan kløyvar klarer. Systemet krev ein mann i traktoren og ein til å lempe på veden.

- Metoden er ikkje så økonomisk, men det er ikkje kløyving med øks heller, tykkjer Rune.

Powered by Labrador CMS