Kva er riktig pris på pressing av halm? BGs maskinleieprisliste kan hjelpe deg på veg. Foto: S. Bigseth

Finn riktig pris med BGs prisliste

Norsk landbruksrådgiving tar utgangspunkt i maskinleieprislista til Bedre Gardsdrift når de reknar ut riktig pris på halm. Sjå kva dei kom fram til.

Publisert

Rådgivinga tar utgangspunkt i at pressing av halm er meir effektiv enn graspressing og at kornåkre gjerne er enklare å køyre på enn en del grasteigar.

Bransjestandard

I artikkelen benyttar dei Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste, der vi både setter ein middelpris og gir eit breitt utval av prisar. Desse prisane byggjer på innmelde prisar frå fleire hundre kjelder over heile landet.

– Som eit døme kan vi vise til prisen på pressing utan pakking, der grasballar har ein middelpris på 100 kr pr. ball, mens halmballar i same storleik (kring 125 cm i diameter) ligg på 84 kr pr. ball. I begge tilfelle kan variasjonen vere stor, frå nesten 30 kroner lågare til omlag like mykje høgare enn middelprisen. Uansett: Her ser det ut til at halmballen ligg dryge 15 kroner lågare enn grasballen, skriv rådgivinga.

Pris per time eller ball?

Men det er ikke gitt at pris per ball er det einaste svaret. Det kan i enkelte høve være like riktig å avtale timepris.

– Her ligg halmball utan kutting kring 710 kroner, mens grasball med kutting bikkar tusenlappen. Kombipressene køyrer vanlegvis for kring 1500 kroner pr. time. Mange har erfart at balleprisen er lågare om du går for timepris enn ballepris. Slike år som i år, der det er høgst variabelt kor langt du må køyre før du får ein ball, er timepris ganske rettferdig for den som skal gjere jobben, skriv rådgivinga.

Les meir

Les meir på nlr.no

Du finn alle prisene i maskinleieprislista til Bedre Gardsdrift (BG 03/2018).

Du kan og kjøpe enkeltblad digitalt her.

Maskinleieprislista i BG

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS