Du er her

Finn rar pris, vinn Flax

For litt sidan fekk du Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste i postkassen (om du er abonnent). Har du finne ein rar pris der?
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 13.05.2017 10:37

Kvart år legg vi inn ein pris som eigentleg er berre tull og tøys i prislista vår. Ikkje for å lure deg, altså. Prisen skil seg såpass ut frå resten at der er liten risiko for at du utilsikta kjem til å bruke den, men kan hende, om vi har vore litt heldige, kan du trekke på smilebandet innimellom alt som er seriøst, grundig og skikkeleg gjennomarbeidd.

Finn du ein slik tullepris, fyller du ut skjemaet under her og sender inn før 1. juni. Då er du med i trekninga av nokre Flaxlodd.

Om vi har hint å gi? Tja. Leigekøyringsoperasjonen vi er på jakt etter har vi til no ikkje sett utført, men den er litt aktuell i tida, på ein måte. Du forstår det når du finn det...

Lukke til!

Faktaboks

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste omfattar prisar på nær 500 arbeidsoperasjonar og reiskapstypar. Med lågaste og høgaste representative pris og ein unik middelpris som speglar det mest vanlege prisnivået i marknaden, er prislista eit svært nyttig verktøy for Bedre Gardsdrift sine abonnentar. Maskinleigeprislista er berre å finne i papirversjonen av Bedre Gardsdrift, og såleis eksklusiv for abonnentane våre. 

Prislista for 2017 vart publisert i Bedre Gardsdrift nr. 3, som eit 16-siders stifta bilag som du kan nappe ut og ta med deg. 

Gjennom mange år har vi lagt inn ein tullepris, som klart og tydeleg ikkje har noko i ei slik liste å gjere. Finn du denne, kan du vinne ein premie. Tidlegare tulleprisar er til dømes

  • Utlegging av kornsirklar
  • Mannen med ljåen
  • Nedbygging av matjord, Sylvipengar pr. dekar
  • Frihandstatovering av gris
  • Samtalepris, drøfting av laust og fast, pr. time (evt med tillegg for samtidig motor på tomgang)