1410-reg-mrk-graf

Finanskrise-tilstandar i traktormarknaden

Den norske traktormarknaden er framleis prega av raude traktorar i tet og raude tal på siste linje. Oktober er nok ei botnnotering, på eit nivå vi ikkje har sett sidan finanskrisa.

Publisert

Normalt skal det registrerast mellom 300 og 400 traktorar i oktober. I fjor vart det unormalt høge talet 421 notert, vel å merke med tilsvarande mykje lågare tal enn normalt i månaden etter. Årets oktober er heller ikkje normal, men i den andre retninga: Berre 277 nyregistrerte gir ei plassering mellom oktoberane i dei to finanskriseprega åra 2009 og 2010. For tida er det ikkje finanskrise i landet. Likevel ligg månad etter månad dette året på 2010-nivå. Trass ein litt optimistisk tendens i september, er vi langt unna å friskmelde framtidsvona for dei traktorkjøpande.

Massey Ferguson held teten

I september kunne det sjå ut som om MF hadde slakka på farten, slik at feltet bakom tok innpå. Etter at status for oktober er gjort opp, er ting tilbake ved det som er normalt for 2014: Avstanden frå Massey Ferguson på første til John Deere på andre er såpass stor at det skal noko til for å endre rekkefølgja.

Sviande andreplass

For John Deere er årets resultat sviande. Så langt har felleskjøpa fått skilt på 471 traktorar, og det er nesten 400 færre enn til same tid i fjor. Mykje av forklaringa heiter 5R.

Stødig frå A-K

New Holland ligg svært stabilt i tal traktorar målt mot i fjor, noko som gir ein like stabil tredjeplass under årets forhold. Tar vi også med at CaseIH heller ikkje har merka noko til fallet i totalmarknaden, er konklusjonen at A-K har kome greitt ifrå eit til no krevjande år.

Stort hopp frå pallen til fjerde

Den markante avstanden mellom merka, som har prega dette traktoråret, er særleg tydeleg frå fjerdeplass og opp til tredje og ned til femte. Oppover skil det 99 traktorar, nedover 116. Denne litt einsame plassen held Valtra på. Enkel matematikk viser at finnen så langt i år har fått registrert to traktorar på same tida som det vart registrert tre i fjor. Å tru at sluttresultatet blir noko anna enn fjerdeplass, blir som å tru meir på julenissen enn Valtras eiga marknadsavdeling.

Ingen dramatikk vidare

Tendensane vi har sett så langt i år på plassane frå fem til 11 er nærast uendra. CaseIH er nemnt. Fendt har eit godt år, og vi skal hugse at fjoråret var tidenes beste derifrå. Samla har Eik all grunn til å juble. Deutz-Fahr på sjuande og McCormick på niande står imot fallet i totalmarknaden, mens Claas på åttande går noko tilbake. Zetor går for tida enda meir tilbake.

Blanda erfaringar mellom dei minste

Seinast i fjor gjorde JCB ein grei figur. No er lufta ute av ballongen, og den raske traktoren er redusert til eit minimerke. Forbigått av Belarus og kinatraktoren Foton, og på nivå med Landini og Iseki. Japanske Yanmar plukkar med seg ein og annan kunde mellom dei små, men jamt over snakkar vi om veldig små tal i denne gruppa. 16 merke deler 55 nyregistrerte mellom seg, om vi held oss til dei med mindre enn ti på statistikken. Det høyrer også med til soga at den italienske transportaren Caron av ein eller annan grunn er feilregistrert som motorreiskap av trafikkstasjonane, og dermed ikkje inne på listene våre. Dette fiksar vi i statistikken i Bedre Gardsdrift når året er omme, men du kan vere klar over at sånne feilkjelder finst både eine og andre vegen.

Powered by Labrador CMS