Eikmaskin Fendt 1000 Publikumsprisen

Fendt vann publikumsprisen

Mellom alle dei 100 offisielle Agroteknikk-nyheitene har publikum fått stemme fram sin favoritt. Avstemminga er avslutta. Vinnaren heiter Fendt 1050. 

Publisert

Produktsjef Jørgen Skjelin og Eik-sjef Trond Kjempekjenn er stolte av at Fendt 1050 stakk av med årets publikumspris.

Det har vore ein jamn kø framom det som Fendt sjølv marknadsfører som German Meisterwerk gjennom heile helga. Traktoren er frå før kåra til Årets Traktor, mellom anna takka vere ymse teknologisk nybrotsarbeid.

Nyheitsjuryen for Agroteknikk har gått gjennom alt utstillarane har varsla om av nyheiter. Sju var kvalifiserte for gullaks. 22 nyheiter fekk sølvaks, mens 71 nyheiter fekk status som offisielle Agroteknikk-nyheiter. Mellom desse kunne publikum sende inn sms for å stemme på sin favoritt, der det enkelt og greitt vart kåra ein vinnar. Den æra stakk Fendt 1050 av med.

Du kan lese meir om publikumsfavoritten her.

"

Bård Svarstad, ansvarleg for nyheitskåringa i utstillarkomiteen for Agroteknikk, har akkurat delt ut publikumsprisen. Den fekk produktsjef Jørgen Skjelin i hende, som representant for publikumsfavoritten Fendt.

Powered by Labrador CMS