Du er her

Fantastisk for Fendt

John Deere er i suveren tet framom MF og Valtra, som begge går tilbake. Årets største framgang finn vi hos Fendt.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 01.04.2016 23:27

Den aldeles suverene posisjonen til John Deere er langt frå truga, sjølv om marknadsandelen har gått frå 33 prosent i januar til "berre" 30 prosent etter første kvartal. Uansett svært sterkt, betre enn nummer to og tre til saman, og ei stilling som sikrar Felleskjøpa posisjonen som landets største traktorimportør.

Samla stabilt hos Eik

Massey Ferguson hadde eit godt år i 2015. 2016 teiknar ikkje like bra, med ein høvesvis stor tilbakegang i både tal traktorar og i marknadsandel. Ingen andre merke går så mykje tilbake frå 2015 til 2016.

For Eikmaskin blir det samla resultatet likevel ganske bra: Mens MF går ned 38 traktorar, aukar tyskaren med 27. Det er mest av alle så langt i år. Om vi går ut frå at Fendt oftast kostar noko meir enn ein MF, vil nok det økonomiske resultatet på traktor hos Eik bli nokon lunde stabilt. I toppåret 2015 registrerte Fendt i gjennomsnitt 20 traktorar pr. månad. Til no i år er talet 24, ein auke på 20 prosent.

Nedgang hos Valtra og Lantmännen

Mens 2015 var heilt OK for Valtra, er 2016 eit noko svakt år. Vi skal ikkje sjå bort frå at uroa kring Lantmännen Maskin kan ha noko å seie. Heller ikkje Claas stilar mot nye rekordar, med ein ørliten nedgang.

A-K er ikkje borte

Å byte adm.dir. slær ikkje umiddelbart ut på registreringsstatistikken. Vi må vente enda nokre månader før vi ser kva kurs A-K tar under ny leiing. Siste månaden der Gunnar Thorud var å finne ombord i A-K-skuta gjekk i alle fall ein traktor betre enn same månad i fjor, og til no i år er A-K litt opp i marknadsandel.

Første månad utan Zetor

Vi kan ikkje hugse å ha sett ein einaste månad utan nyregistrert Zetor så lenge vi har jobba med denne statistikken, og det tar til å bli mange år (huff kor tida går!) HCP har einast levert ut nye Deutz-Fahr i mars. Ja, og årets så langt einaste Same. Så langt i år er den lysegrøne fram respektable åtte traktorar, mens Zetor går fem tilbake.

2016 mot 2015

Årets mars ligg 17 prosent bak fjorårets mars. Det skal seiast at vi i år hadde påske i mars mot mest vanleg i april. Påskemånaden er som regel rolegare også på traktorfronten enn dei påskefrie vårmånadane.

Saldo for siste 12 månader er 3066 traktorar, eit beint ut dårleg tal og det nest dårlegaste siste 10 åra. Det er tilbake 86 traktorar frå førre tolvmånadersperiode, som i sin tur gjekk ned 584 traktorar frå perioden før der att.