Du er her

Faktainformasjon i 50-lapp-saka

For å få drøftingane om 50-lappen inn på rett spor att, finn vi det på sin plass å kome med nokre heilt enkle saksopplysningar.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 22.01.2014 20:00

- Temaet som er sendt på høyring er ikkje om vi skal ha 50 km/h-traktorar eller ikkje, for det er der politisk semje om at vi skal ha, og det er såleis ikkje tema for debatten. Derimot er spørsmålet kva krav som skal stillast til dei som får lov å køyre desse traktorane.

- Saka gjeld om personar med førarrett for traktor tatt etter 1.1.2005 skal få rett til å køyre 50 km/h-traktor med eit tilleggskurs, eller om det framleis vil bli kravd opplæring for lastebilvogntog (klasse CE).

- Personar med førarkort klasse B eller T tatt før 1.1.2005 kan uansett utfall av denne saka køyre traktorar utan grenser for toppfart eller totalvekt som før.

- Traktorar som – lovleg eller ulovleg – kan køyre over 50 km/h er ikkje tema her.

- Om nokon fører eit køyrety på ulovleg vis, til dømes med høgare fart enn kva det er typegodkjent for, er det ei handling som må handterast på anna vis enn gjennom innspel til høyringsutkastet til førarkortforskrifta.

- Førarkortreglar er ikkje meint å skulle regulere konkurransesituasjonen mellom ulike typar køyrety eller næringar.

- Kven som helst kan når som helst kjøpe seg traktor.

- Vektreglane for traktor med tilhengar, med konstruktiv hastigheit over 30 km/h, er som for lastebil.

- På same måte som at eit kvart anna køyrety pliktar å vere i forkriftsmessig stand til ei kvar tid ved ferdsel på offentleg veg, må også traktor og traktorhengar vere det. Styresmaktene har like stor rett til å stoppe traktorar for kontroll som andre køyrety.

- Skilnaden mellom køyreeigenskapane til ein 40 km/h-traktor og ein 50 km/h-traktor treng ikkje vere store. Alle 50 km/h-traktorar, uansett storleik, er også tilgjengelege som 40 km/h-versjon. 50 km/h-utgåva har oftast betre køyreeigenskapar i form av betre bremser på framakslingen og fjøring, som trass høgare fart bidrar til betre handtering langs vegen. For ein traktorkunde står ikkje valet mellom ein liten 40 km/h-traktor og ein stor 50 km/h-traktor, men om same traktormodellen skal ha 40 eller 50 km/h som toppfart. Også for andre typar køyrety kan det vere store skilnader mellom det som blir nytta i køyreopplæringa og det som finst tilgjengeleg. Spranget er stort frå ein Toyota Avensis med raud L bakpå til bilane dei testar på Top Gear (som kan køyrast på same førarkort).

- Undersøkingar, som til dømes ein omfattande test utført av Transportmagasinet, Anleggsmagasinet og Bedre Gardsdrift, viser at traktoren langt ifrå er konkurransedyktig med lastebil på transportkapasitet og transportøkonomi. Den testen var utført før regjeringa skrudde opp avgifta på det som feilaktig er omtalt som avgiftsfri diesel, så økonomien i traktorhaldet er enda meir ugunstig no enn då testen vart gjort.

- EU er langt frå samde om nokon felles 50 km/h-traktor, og dermed heller ikkje samd om noko felles førarkort for 50 km/h-traktorar. Det er heller ikkje venta at EU skal kome fram til noko felles regelverk på området i nær framtid. Såleis er det nasjonale reglar som gjeld i landa der slike traktorar er i bruk, med stor variasjon i kva krav som blir stilt.

- For ordens skuld: Omlag 0,5 prosent av traktorparken av årsmodell nyare enn 2002 består av traktorar som lovleg kan køyre meir enn 50 km/h. Totalt er det nyregistrert 216 JCB Fastrac i Noreg. For å køyre slik traktor lovleg, må du enten ha førarkort klasse B eller T tatt før 1.1.2005, eller klasse C eller CE.