toty-mix08

Enorm respons

Røystene fløymer inn i kåringa av BG-lesarane sin Årets Traktor-favoritt. For nokre traktorar ser det ut til at heile fanklubben er mobilisert. Har du alt stemt, tips vener og kjente no!

Publisert

Det står mellom sju sterke kandidatar, og alt etter ei dryg veke har vi fått inn nær eit halvt tusen stemmer. Engasjementet er imponerande.Vi vil slett ikkje avsløre kven som ligg best an, men vi veit at nokre av kandidatane har ein tilhengarskare som tydeleg er langt meir engasjert enn andre. Hadde vi antyda noko om korleis det står til, kan det hende at du ville blitt overraska, i alle fall om vi ser på dei nedste plassane.Det er heilt gratis å stemme, og gratis å tipse folk du kjenner om at også dei kan delta. Einaste kravet vi stiller er at du går inn på denne saka, der du kan lese om kandidatane. Derifrå går du til stemmesida. Vi tilrår at du gir opp namn og adresse, for då er du også med i konkurransen om premiar frå BG. " PS: Forsøk på anonyme ekstrastemmer er bortkasta... Gå til kåringa her!

"
Powered by Labrador CMS