BG-nøttene 2012 hp

Enno er det mange dagar til jul

Om du er innesnødd eller utegåande, framleis kan du vinne mykje lurt i BG-nøttene. Mykje bra har alt fått sin vinnar, men der ligg stadig tett i tett med gode gåver i botnen av sekken...

Publisert

Det er ikkje småtteri i hovudpremie-sekken, og dagspremiane er av solid klasse, dei også.

Ein BG-nisse har vore på lang sledetur, mens han andre strir med snø til langt over luedusken. Men nøtteknekkarane er standhaftige, og premiane fine. Enno har du nokre dagar på deg til gode gevinstar!

I sekken finn vi både klede eller gåvepakkar. Ein velgarventil er kjekt å ha om hydraulikkuttaka er færre enn behovet tilseier. Om føret er glatt ute, kan du alltids kompensere med å køyre radiostyrt modelltraktor inne. Og kven seier vel nei til ein snøfresaraksling i desse dagar?

BG-nissane er storleg nøgde med den store premiesekken sin til årets julenøtter. Det heile toppar seg julaftan, med ei kubørste, alternativt eit familiesett varmedressar om du ikkje har kyr. Dei mange som er med kvar einaste dag er med i kampen om ei multimaskin med bensinmotor tilkopla det du ynskjer av høgtrykksvaskar, vasspumpe eller straumgenerator. Vidare, på nest øverste hylle står eit par motorsager og eit fjøskamera, og absolutt alle som har svart – rett eller gale – er med i trekninga av eit teleskopisk toppstag.

Enno er det ikkje for seint å bli med på Bedre Gardsdrifts stolte juletradisjon. Kvar dag finn du ei ny nøtt i luka ute til høgre.

Powered by Labrador CMS