Berre småpengar eller skyflar bonden inn meir enn andre? Foto: Colourbox

Ein rapport, to oppfatningar

Er inntektsveksten god eller svak? Ferske tall frå Nibio blir brukt til å argumentere for begge deler.

Publisert

NIBIO la i dag fram tall frå sine driftsgranskingar. Ikkje lenge etter fekk redaksjonen to pressemeldingar med svært ulike tolkingar.

Høgare enn generell lønnsauke

Inntektene per årsverk i jordbruket auka med 2 prosent i 2016, etter to år med sterk inntektsauke, heiter det i meldinga frå Landbruks- og Matdepartementet.

– Eg er nøgd med at inntektsauken i jordbruket var høgare enn den generelle løns­auken også i 2016. Det er inntekts­reduksjon i korn på Austlandet som dreg snittet ned. Inntektsauken er svært god i det grasbaserte distriktsjordbruket, som på Vestlandet og i Trøndelag, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Eller mindre enn andre?

Bondelaget deler ikkje heilt den forståinga av situasjonen. I pressemeldinga derifrå heiter det at inntektsveksten på 2800 kr per årsverk frå 2015 til 2016 er svakare enn forventa og mindre enn andre grupper i samfunnet som fekk 8800 kroner.

– Inntektsveksten vi ser i driftsgranskingane er svak og noko dårlegare enn forventa. Fleire produksjonar, særleg sau og lam, slit med overproduksjon, og kornavlingane var ikkje like gode som i 2015, seier bondelagsleder Lars Petter Bartnes.

Avgjer sjølv

Vil du lese meir om driftsgranskingane og gjere deg opp di eiga meining, kan du laste ned tabellar med meir her.

Eller du kan klappe deg litt på lommeboka og kjenne etter, så får du nok det svaret som er riktig for deg.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS