Ein bonde går alltid framover

Sjeldan er bøndene så mykje omtalt som når Magnus Carlsen spelar sjakk. Den tidlause symbolikken frå sjakkspelet har påfallande fellestrekk med livet i landbruket.

Publisert

Forsvarssjefen gjekk for ei tid sidan ut og talte landbruket si sak. Vi har høyrd frå fleire forsvarstoppar at om vi ikkje har landbruk og sjølvforsyning av mat, er det ikkje mykje å forsvare. På sjakkbrettet likeins: Er bondestillinga dårleg, er du i ein kritisk situasjon.

Bøndene på sjakkbrettet er på mange vis bundne. Der er reglar som regulerer kva dei kan gjere. Handlingsrommet kan tidvis virke snevert. Men nettopp det er eit viktig poeng: Desse reguleringane bidrar til orden, dei motverkar kaos, dei sikrar at bøndene kan konsentrere seg om jobben sin.

Det er også verd å merke seg at ein bonde åleine ikkje har den heilt store verdien. Bøndene står klart sterkast når dei opererer saman. Gjerne ved at nokre går føre, men der følgjer alltid andre etter, så støttar dei opp om kvarandre.

Så la oss ta det med oss vidare. Bønder er ikkje berre svarte eller kvite treklossar. Bønder er viktige i det verkelege livet også. Det er viktig å ha ei god bondestilling. Og i sjakken har dei sett det for lenge sidan. Bøndene er ikkje treige eller feige. Dei er alltid målretta. Og dei går alltid framover. Uansett.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS