Christian Eik på en Ferguson
chr eik ferguson

Historien om Eikmaskin

Massey Ferguson feirar 50 år, og Eikmaskin feirar sine 10 år med Fendt. I år er det også 70 år sidan den første Ferguson-traktoren kom til Noreg. Her er historia om Eikmaskin.

Publisert

Eiks Maskinforretning vart etablert av Christian Eik i 1922, som ein avleggar av faren sitt selskap Eik & Hausken. Det selskapet starta i 1906, starta import av svenske og amerikanske landbruksreiskapar, og selde reiskap frå den gryande norske reiskapsproduksjonen. Eik & Hausken gjekk konkurs under finanskrakket i 1921, men starta oppatt, flytta til Oslo, og sikra seg importen på Ford traktorar i 1928.

Ferguson til Noreg i 1938

Det er ei kjent historie at Christian Eik var den første til å sikre seg importen av Harry Fergusons traktorar, med det velkjente hydrauliske trepunktsløftet. Eik les tilfeldigvis ein notis i ei engelsk avis om Ferguson sitt reiskapsoppheng med vektoverføring. Dette må vere noko for oss, tenkte Eik, og skreiv brev til Harry Ferguson. Dette skjedde alt før traktoren var komen i produksjon.

I 1937 vart traktoren synt fram på Smithfield-utstillinga. Eik reiste dit med nokre medarbeidarar for å sjå og prøve traktoren. Den første traktoren med Ferguson-systemet kom hit til landet i 1938. Eik hadde ein ide om at han ville halde litt tilbake på salet til produksjonen var skikkeleg i gang, så difor selde han ikkje meir enn 30 traktorar før krigen braut ut.

Glansdager

Etter fem års krigspause, kom importen fort i gang att. Gråtassen, TE-20, kom i 1947. Etter kort tid var Ferguson marknadsleiar. Utover 1950-talet steig marknadsandelen til så mykje som 60–70 prosent. Det kan vere interessant å merke seg at dette skjedde med ein til to traktormodellar i sortimentet. 

Eikmaskin hadde gode tider gjennom 1950-, 1960- og 1970-talet. Tidvis var det over 600 tilsette i selskapet, som omfatta hovudkontor, distriktsavdelingar og dotterselskapet AS Sesam. Her vart det mellom anna produsert graveaggregat for traktor. 

Kubota-importøren Nortrac høyrde inn under Eik-konsernet. I den tida Kubota var å rekne med som landbrukstraktor her i landet. Eik hadde også eit eige selskap for skogsmaskiner på Kongsvinger.

Forhandlarnettet omgjort og Eikebladet vokser fram

Eikmaskin hadde i si tid eit forhandlarnett som dei sjølve eigde. I 1985-1986 vart forhandlarnettet gjort om til ein kjede, profilert som Eik Landbruksenter, seinare Eik Senteret. Denne er oppbygd av sjølvstendige, privateigde forhandlarar, knytt til Eikmaskin gjennom ein franchiseavtale. Kjeda består i dag av 31 selskap med til saman 15 underavdelingar.

I 1987 starta det som må kunne seiast å vere eit av bransjens fremste kundemagasin: Eikebladet. Bladmann Gunnar Lukerstuen og dåverande adm.dir Olav Hørsdal pønska ut ideen, og bladet vart trykt i 80 000 eksemplar. 

Lukerstuen står enno for arbeidet med bladet. Han er også ein av opphavsmennene til Bedre Gardsdrift, som vart etablert i 1981.

Familien selde til MF

I 1989 valde Eik-familien å selje selskapet til Massey Ferguson. På same tid overtok MF også importselskapet i Sverige, og dei eigde frå før det danske importselskapet. Frå no vart difor mange funksjonar samordna for den skandinaviske marknaden. 

Fram til 1991 hadde Eikmaskin sitt hovudkontor i Jåttåvågen i Stavanger. Etter det har Eikmaskin hatt adresse Oslo, og held no til i Nydalen, nordvest for Sinsenkrysset. 

Agco inn som eigar

I 1994 vart Massey Ferguson kjøpt av amerikanske Agco Corporation. Selskapsstrukturen vart etter kvart endra slik at importselskapet Eikmaskin ikkje lenger låg under Massey Ferguson, men under Agco.

Eikmaskin har i dag 20 tilsette. Av desse ymse produktspesialistar, sals- og regionsjefar, og andre støttefunksjonar. I 2007 omsette selskapet for 800 millionar kroner.

Fendt går til Eik

Straks før jul i 1997 fekk vi vite at Eik skulle overta importen av Fendt. Agco hadde tidlegare same året kjøpt det familieeigde tyske prestisjemerket. Alle eksisterande Fendt-forhandlarar vart oppsagt frå 1. januar 1998. 

Fram til då hadde Fendt-importen vore på ymse hender. Høstespesialisten i Vestby var importør sist på 1980-talet og fram til ein konkurs på 1990-talet. Då overtok danske Alex Pedersen, før det heileigde selskapet Fendt Scandinavia prøvde seg.

Gjennom lange tider låg salet på 50 til 100 Fendt årleg, og det var fallande før Eik overtok. I 1998 enda registreringsstatistikken på beskjedne 39 traktorar. Fendt har hatt ei kurve som mest av alt liknar på ei litt flat trapp etter at Eik tok over. Dei første tre åra ligg talet i området 40 til 50. Så følgjer tre år kring 90 traktorar. 2004 og 2005 er på omlag 130. Dei to siste åra har Fendt fått registrert drygt 180 traktorar.

Eik heiter Eik

Samstundes som Bedre Gardsdrift omtalte at Eik overtok agenturet på Fendt, spekulerte vi på kor fort Eik-namnet kom til å bli borte. 

- Det kan derfor være bare et tidsspørsmål før Eik skifter navn til Agco Norge, skreiv vi for ti år sidan. Trass Agco-logo på visittkort og profilkle, ser det enno ut til at Eik-namnet held stand.

Hyppig skifte av sjef har ikkje akkurat prega Eikmaskin. Frå 1922 har desse seks mennene stått ved roret:

  • Christian Eik
  • Egil Eik
  • Olav Hørsdal
  • Svein Gjennestad
  • Endre Fuglestad
  • Gunnar Thorud 

Trufast mot MF

På same vis som mange kundar har vore trufaste gjennom fleire generasjonar mot Massey Ferguson, har Eikmaskin vore svært så trufaste mot sin hovudleverandør. I år er det 70 år sidan den første Ferguson-traktoren sto på norsk jord, importert av Christian Eik.

Ingen andre norske landbruksmaskinimportørar er i nærleiken av å ha eit så langt forhold til sitt traktormerke.

Powered by Labrador CMS