Euro

Dramatiske prisendringar i vente

Det er ikkje berre på gjødsel at prisane gjer kraftige hopp. Euroen er no 23 prosent dyrare enn i august, og det vil truleg gi store utslag også på maskinprisane.

Publisert

Alle maskinimportørane er i same båt. Storparten av traktorane og treskarane, og mykje av reiskapen som blir brukt i det norske landbruket, er importert frå Europa. Blir kursendringa på euroen langvarig eller permanent, betyr det svært mykje dyrare maskiner.

Det kan vere snakk om prishopp kort tid etter nyttår på kring 20 prosent, frå dagens listeprisar. Samstundes er det nok også mange som sit på gjerdet og ventar på nye signal om kva som skjer.

Ein ting er i alle fall sikkert: Bruktimporten er ganske moderat for tida.

Powered by Labrador CMS