fjellkarstad ulukke 1.jpg

Dramatisk traktorulukke i Stryn

Ein 67 år gammal mann er alvorleg skadd etter at traktoren han køyrde sklei ned ein bakke og utfor eit stup måndag kveld.

Publisert

Førarhytta vart slått bakover då transportaren møtte bakken etter å ha hoppa utfor stupet i bakgrunnen. Hadde ikkje ferda stoppa her, ville den ha landa i fjorden 500 høgdemeter lenger ned. Skadene på føraren er kritiske.

Mannen vart sendt med Sea King redningshelikopter til Haukeland universitetssykehus i Bergen. Mannen har fleire alvorlege brot- og støtskader mellom anna på bein og hovud.Ulukka skjedde under grashausting. Traktoren, ein Reform Muli transportar med lessevogn, mista grepet på veg nedover dei bratte bakkane, før den sigla ganske langt, gjorde fleire hopp, og fôr utfor eit mellom fem og ti meter høgt stup. Der landa den på ei smal hylle. Omlag 20 meter framom der transportaren stoppa, stuper fjellet 500 meter loddrett ned i fjorden. Bergingsarbeidet var krevjande, då beina til mannen var fastklemde etter den brutale landinga. Redningsutstyret måtte bærast ned til fjellhylla. Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til staden. Også ambulansehelikopter med lege kom til, men det var behov for eit Sea King redningshelikopter for å kunne heise ut mannen. Bergingsaksjonen varte i kring ein time.

Transportaren mista festet i framkant av biletet, og sklei til den fôr utfor kanten ved den blå pila.

Mannen var medviten under bergingsaksjonen. Tysdag føremiddag blir tilstanden omtalt som svært alvorleg. Mannen vart funnen av sonen, som har overtatt drifta av garden. Sonen ante uråd då det tok unormalt lang tid før faren kom heim med nytt lass.

Hendinga blir etterforska som ei arbeidsulukke av Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Powered by Labrador CMS