Du er her

Dr. Blæstad

Det skal satsast på Blæstad. No kan du til og med utdanne deg til doktor der.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 29.01.2013 12:45

Tidlegare Blæstadstudentar sjekkar om kartet stemmer med terrenget på Sima i 2007.

Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum vil at Blæstad skal vere eit robust kompetansemiljø i landbruksteknikk og agronomi, og blir med på eit spleiselag for å styrke institusjonen.

- Satsing på forsking og høgare utdanning er viktig for å auke matproduksjonen i Noreg. Landbruk krev mykje kunnskap, og vi treng stadig ny kunnskap for å auke produksjonen. Blæstad har eit godt omdøme i landbruket, og dette skal vi styrke no, seier ministeren i ei pressemelding.


Spleisar seg til doktorgrad

Saman med Hedmark fylkeskommune, Hamar kommune og næringslivet på Hedmarken trår departementet til med eit treårig kompetanseløft, og tilhøyrande pengar. Dei fire partane har signert ein intensjonsavtale om å samarbeide om ei treårig satsing. Departementet legg tre millionar kroner i potten, og dei andre partane bidrar med halvannan million til saman. Dette betyr at der finst pengar til ei høgskulesatsing som kan munne ut i ein doktorgrad.  


Stadig større behov for kunnskap

– Vi har mange fagleg dyktige bønder med mykje kunnskap i Noreg. Men her som i andre næringar må det til meir ny kunnskap heile tida. Vi må ha skarpskodde fagfolk som kan utvikle landbruket med betre agronomi for å gi større avlingar og auka produksjon. Det gir betre økonomi for bonden, og sikrare matforsyning og større verdiskapning for samfunnet, seier Slagsvold Vedum.


Akademisk kompetanse

For å auke kompetansen i heile sektoren må det til fleire med akademisk utdanning i landbruksfag, som kan forske og utvikle nye teknikkar og metodar, og det er behov for høgt utdanna fagfolk som kan gi råd og opplæring i heile verdikjeden. Høgskolen i Hedmark kan bidra sterkt til å utdanne folk med slik kompetanse til det norske landbruket.


No: Årsstudie eller bachelor

Utdanningstilbodet på Blæstad ser i dag ut som dette:

Årsstudie
    Agronomi
    Landbruksteknikk
    Økologisk landbruk
Bachelorstudie (treårig)
    Agronomi    Landbruksteknikk

Du finn meir om desse utdanningane, og alternativa ved dei to andre institusjonane som gir høgare langbruksutdanning (UMB Ås og HINT Steinkjer) her: www.landbruksutdanning.no

"