Dobbeltkonkurranse

Bastard eller fiolin? No har du to konkurransar å bryne deg på. Det står traktorar bak, denne gongen også.

Publisert

Det tar til å bli rolegare ute, så no har du kan du ha litt betre samvit for all tida du sullar bort på nettet. Difor gir vi deg to nøtter å knekke denne gongen. Svar på den eine eller begge, som du vil.

Først: Under ser du ordet FIOLIN. Kva tre traktormerke står bak det instrumentet? Premie: Ei BG skjermlue. Tips: Alle er nokre år gamle, og Landini er ikkje med. Bakgrunnsfargen er berre forvirrande.

Deretter: Fem traktorar i ein kropp. Kva merke har vi tatt utgangspunkt i? Premie: Eit BG-krus. Tips: Dei to som er smelta saman til hytta, har felles eigar og forhandlar no. Opphavet til framakslingen er fusjonert med ein produsent i nabolandet, men produksjonen av anleggsmaskiner har halde fram der denne raude traktoren vart laga.

Svarfrist for begge oppgåvene: 1. november.

Svaret sender du til jogeir@vanebo.no

Svar på den førre konkurransen finn du her.

Powered by Labrador CMS