DF tilbake

Danske H.C. Petersen har formelt overtatt importen av Deutz-Fahr til Noreg, etter å ha vore mellombels importør sidan konkursen i Haugsveen og Fjeldstad i fjor.

Publisert

Det danske selskapet er alt no i gang med ei meir offensiv satsing. Siste året vart salet av Deutz-Fahr halvert, og målet er no å ta igjen det tapte. Pris skal vere eit lokkemiddel. God service og teknisk kunnskap eit anna.

H.C. Petersen er eit familieeigd dansk selskap, som har drive med import i 132 år. Med satsinga i Noreg, vil dei få fleire maskiner å dele dei faste kostnadane på. Det, kombinert med ein tøff norsk traktormarknad, vil halde nyprisen på traktorane nede.

Deutz-Fahr vil bli selt gjennom det same forhandlarnettet som før. Visse område vil HCP styrke med nye forhandlarar.

Powered by Labrador CMS