Du er her

Det skjer ikkje meg

Fra Bedre gardsdrift 10/2012: «I sommar var eg leigd inn for å pusse eit beite. Sjølvsagt på ein bratt teig. På den siste runden, då eg skal ta finpussen langs kanten, skjer det som ikkje skal skje.»
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 21.12.2012 09:30

Du kan skrive inn kommentarer nederst.

Ved sidan av jobben i Bedre Gardsdrift driv kona og eg eit sauebruk i bratt lende. Hovudtraktoren vår er ein Aebi transportar, ei slik sveitsisk spesialmaskin som liknar ein liten lastebil, der føraren sit over venstre framhjul. Takka vere eit lågt tyngepunkt er hellingar på 40 grader heilt greitt for slike maskiner. Det er berre ein ting å passe på: Om vekta på høgre framhjul blir for låg samstundes som dreiemomentet om bakhjula blir for stort, kan motorkrafta vri rundt framvogna - mot venstre.

I sommar var eg leigd inn for å pusse eit beite. Sjølvsagt på ein bratt teig. På den siste runden, då eg skal ta finpussen langs kanten, skjer det som ikkje skal skje. Venstre framhjul køyrer ned i ei dump eg ikkje ser, og det høgre framhjulet løftar seg. Instinktivt slepper eg gassen og skubbar ned hendelen for trepunkten, for at framvogna skal rette seg. Joda, eg har gjort meg nokre erfaringar, men denne gongen hjelper det ikkje.

Framvogna, med førarhytta og meg inni, dreiar mot venstre. Eg forstår det går gale og at eg kjem til å velte. Kjensla er heilt rar. Det er akkurat som i sakte film, men beltet mot hoftene gjer meg trygg. Eg støttar venstrehanda mot taket. Det går sakte nok til at eg rekk å tenkje at eg må passe på slik at ingen kroppsdelar kjem i klem.

Mens alt går så roleg og på same tid veldig fort, forstår eg at eg ikkje på noko vis vil ha tid eller krefter til å halde kroppen på plass med eigne krefter. Eg har jo brukt opp tida på å prøve å hindre velten, og tyngdekrafta er sterkare enn meg. Så slappar eg heilt av. Eg har jo belte på. Dunk.

Framvogna og eg ligg på sida. Eg tenkjer at no er det over. Men så, framleis i sakte film, haglar fastnøklar, skrujern, ein kniv utan slire, ein hammar og trekkstangboltar ned rundt meg. Eg høyrer lydane, ser tinga, men ingenting råkar meg. Det er heilt utruleg. Over meg ser eg ein tom verktøy kasse med ope lokk.

Eg stoppar motoren, får foten i bakken og løyser beltet. Så høyrer eg lyden av rennande væsker. Batteriet klukkar, der det står på motsett side av hytta, oppe mot himmelsjå. Frå hydraulikkoljetanken bak førarsetet surklar ein tynn, varm stråle. Eg kjenner lukta av diesel.

Eg kom frå det utan skader, men er litt forbausa. Slik skal ikkje skje meg. Eg veit da betre. Attpå alt har eg som journalist eit omfattande innsyn i norske traktorulukker. ”Mann, 37 år, omkom i ulukke med traktor. Han etterlet seg kone og tre små born.” Sånne artiklar har eg skrive så alt for mange av, og det riv inni meg når eg skriv dei.

Det skjedde meg. Eg velta. Eg kunne kome i klem. Eg kunne fått ein bolt i hovudet. Men eg brukte belte, og hadde englevakt då alt det lause ramla. Difor kan eg sjølv skrive om denne hendinga, og enda viktigare: Kona mi har framleis ein mann, og dei tre borna har framleis ein far.

________________________________________________________________

Denne lederartikkelen er hentet fra Bedre gardsdrift 10/2012

Du kan laste ned hele bladet eller enkeltsider elektronisk her

Bestill abonnement på Bedre Gardsdrift her

________________________________________________________________


Tidligere lederartikler fra papirutgaven:

"

"
Kunnskapsløft for landbruket

Fra Bedre gardsdrift 7/2015: «Vi har tidligere tatt til orde for en mer offensiv mediestrategi fra landbruket, og vi blir mer og mer overbevist om viktigheten av dette. Landbruket er på alle vis tjent med et generelt kunnskapsløft om norsk matproduksjon.»

Les mer »"

Les også



"
Økonomisk seigpining tar liv

Fra Bedre gardsdrift 6/2015: «Sikkerheitsbelte og sunt mannvit er gratis og tilgjengelig for alle. Noko som ikkje er like lett, er å sikre at alle har tid og økonomi til å halde maskinparken i forsvarleg stand.»

Les mer »"

Les også



"
Frustrerende sentralisering

Fra Bedre gardsdrift 5/2015: «A-K maskiner har den siste tiden lagt ned flere avdelinger rundt om i landet, noe som skaper stor frustrasjon mange steder.»

Les mer »"

Les også



"
Skallet er ditt – programvaren er vår!

Fra Bedre gardsdrift 4/2015: US Copyright Office behandler nå en søknad fra John Deere, som ber om at programvaren i deres produkter blir underlagt lov om opphavsrett, på samme måte som programvare til datamaskiner.

Les mer »"

Les også



"
Renere, men enklere traktorer?

Fra Bedre gardsdrift 3/2015: «De siste årene har traktor- og motorprodusentene brukt enorme summer på å tilpasse motorene til nye og strengere utslippskrav.»

Les mer »"

Les også