Du er her

Den nye føraropplæringa

Det er planlagt store endringar i føraropplæringa for traktor. Ein læreplan seier kva mål eleven skal nå gjennom opplæringa, og det blir stilt omfattande krav til køyreskulens traktor.
Av Anonym
Publisert 01.12.1999 12:00

(Frå Bedre Gardsdrift nr 5 2004 - omtale av høyringsutkast, som då ikkje var vedtatt)

I dag kan du drive privat øvingskøyring på offentleg veg med nær sagt kva som helst slags traktor. I framlegget som no er ute på høyring, er det ikkje nemnt særskilte krav for privat øvingskøyring. Erlend Aksnes, som har representert Statens Vegvesen i arbeidsgruppa for traktorførarkortet, går ut frå at slik øvingskøyring må ta utgangspunkt i reglane som gjeld for personbil. Det betyr at traktoren må vere registrert for to, slik at du kan ha med deg kvalifisert følgje. Det skal vere ein ekstra innvendig spegel, og bak skal det vere ein raud L på kvitt underlag. Vegdirektoratet ikkje har hugsa å tenkje gjennom detaljane i dette, i og med at det ikkje er presisert i høyringsutkastet.

KøyreskuleTil traktoren på køyreskulen er det strengare reglar. Før oppkøyringa skal du gjennom to obligatorisk rettleiingstimar med køyring, og då må du bruke ein slik traktor. Elles er det ikkje kravd køyretimar på køyreskule.

Lærevogna, som traktoren blir kalla om den er brukt på køyreskulen, skal følgje desse krava:
- traktor med tillatt totalvekt minst sju tonn
- konstruktiv hastigheit minst 40 km/h
- registrert for to, med setebelte på begge plassane
- dobbelt sett pedalar for fotbrems
- to utvendige speglar for køyreskulelæraren
- ekstra innvendig spegel
- stoppbrytar som læraren kan nå
- tilhengar med tillatt totalvekt minst fire tonn- total lengde minst åtte meter

Oppkøyring
Når du skal køyre opp, må traktoren i tillegg følgje desse krava:
- manuelt gir
- samla tillatt totalvekt minst 12 tonn
- tilhengaren skal ha ein kasse (karmar på alle sider) som minst er like høge og breie som førarhuset, slik at det einast er mogeleg å ha sikt bakover med speglane- tilhengaren skal vere lasta med 50 prosent av tillatt nyttelast

Traktorar som no er nytta til øvingskøyring eller oppkøyring, kan som ei overgangsordning brukast fram til 11. oktober 2010.

Mange fell utVi merkar oss at mange traktorar like i underkant av 100 hk ikkje kan brukast som lærevogn eller til oppkøyring, om desse krava går gjennom. NewHolland TL, CaseIH JXU, Valtra A-serie, McCormick CX, Lamborghini Premium, John Deere 5020 og halvparten av Zetors modellar er døme på traktorar som ikkje tilfredsstiller kravet til tillatt totalvekt.

Kravet om minst 40 km/h ser ulogisk ut, i og med at den som skal ta traktorførarkort ikkje vil ha lov til å køyre traktorar som går over 40 km/h. Vegdirektoratet hevdar at dette er ein reint språkleg ting, og at poenget er at traktoren skal gå i 40. Det tør vi ikkje stole på. Vi har erfaring i korleis slike reglar blir bokstavtolka.

Kravet til fotbrems er ei kostbar og ikkje alltid like høveleg løysing. Mange køyreskuletraktorar har i dag den meir praktiske løysinga med bremseordning for læraren på handbremsa.

Dei nye krava betyr elles at det ikkje er lov å bruke ein traktor med trinnlaus transmisjon til oppkøyringa, men automatiserte hurtiggir er inga hindring.

Konsekvensar i distriktaI område med mykje landbruk har køyreskulane traktorar som tilfredsstiller dagens slappe krav. Dei vil truleg også kunne tilpasse seg dei nye krava utan at ekstrakostnaden for elevane blir uakseptabel. I delar av landet der det er langt mellom gardane, har det vore tradisjon for at køyreskulane samarbeider med lokale bønder, og at vanlege jordbrukstraktorar blir brukte ved oppkøyringa. Då kan meirkostnaden for å fylle krava bli for stor, og du må langt av garde for å finne ein godkjent traktor.

Firetrinns læreplan
Opplæringa er lagt opp i fire bolkar. Systemet er det same for alle førarkortklassar.
1: Trafikalt grunnkurs
2: Grunnleggjande køyrety- og køyrekompetanse
3: Trafikal opplæring4: Avsluttande opplæring

Tryggleik og meistringDet trafikale grunnkurset vart første gong informert om i ein artikkel i Bedre Gardsdrift nr. 8 2003, og var då alt innført. Kurset er det same som blir kravd til førarkort klasse B, og må ikkje takast på nytt då. Med mopedførarbevis frå før, trengst berre delar av det trafikale grunnkurset.

I del to skal eleven lære å kjenne og handtere traktoren reint teknisk, altså til dømes gire, svinge og tenkje på same tid.

Etter trinn tre skal eleven kjenne trafikkreglane, og vere i stand til å køyre i variert trafikk.

Den siste bolken er retta mot risikoforståing og trafikksystemet, som ei vidareføring av det trafikale grunnkurset. Dessutan ligg det inne eit kurs på to timar i sikring av last, identisk med kva som blir innført for personbil eller buss med hengar. Dette er ein kortversjon av opplæringa på ni timar som blir gitt på vogntog.

Stadige rapporteringarFør du kan ta til å øvingskøyre på offentleg veg, må trinn ein vere fullført og innmeldt til Statens Vegvesen. Eit dokument frå dei skal vere med under køyringa.

Etter trinn to og etter trinn tre seier framlegget at det skal vere ein obligatorisk rettleiingstime, med praktisk køyring og ein samtale. Etter kvar av desse melder køyreskulen frå til Statens Vegvesen att, før trinn fire kan ta til. Når det er fullført, får du lov å ta teoriprøva. Står du på den, kan du køyre opp.

Lova seier at du kan øvingskøyre med traktor frå du er 15 år. Samstundes kan du ikkje ta trafikalt grunnkurs, som er eit vilkår for å øvingskøyre, før du har fylt 15. Mens du har høve til å øvingskøyre i to heile år før du tar sertifikat for bil med vekt opp til 3500 kilo, har du mindre enn eitt år for å øvingskøyre med traktor, om du vil ha sertifikatet frå den dagen du fyller 16.

KostnaderDet trafikale grunnkurset er alt innført. Såleis fører ikkje framlegget med seg auka kostnader til det. Derimot kjem dei to rettleiingstimane på kring kr 900 til saman, og lastsikringskurset til ein plass mellom 500 og 800 kroner, trur Vegdirektoratet.


Stort sett fornuftig

Kjell Mangerud har representert Norges Bondelag i arbeidet med dei føreslåtte reglane for traktorførarkort. I utvalet har også Maskinentreprenørenes Forbund (MEF), Autoriserte Trafikkskolers Forbund og Statens Vegvesen vore med.

Eg hadde eit godt samarbeid med MEF i arbeidet, og også dei andre i gruppa. Stort sett meiner vi at framlegget til nye reglar er godt, men på visse punkt er vi usamde i konklusjonane, fortel Mangerud.

Bondelaget og MEF meiner at dei som har hatt traktorlappen i to år eller er eldre enn 21, må kunne køyre traktorar som går 50 km/h. Dei meiner også at førarkort klasse B må gi rett til å køyre traktor og motorreiskap som ein 16-åring med klasse T, og at personar over 18 år må kunne køyre traktorar som går inntil 50 km/h utanfor offentleg veg, utan førarkort.

Vi ser at utviklinga går mot stadig fleire traktorar med 50 km/h som toppfart, og meiner det ville vore ei meir naturleg øvre grense. I tillegg ottast vi at det blir vanskeleg å få hjelp til traktorkøyring med kravet om førarkort klasse BE i staden for B, seier Mangerud.

LES OGSÅ
- Nytt regelverk for førarkort (vedtatt)- Skjerpa krav til traktorførarkort (høyringsutkast)