Du er her

Defekt trådbinding på ulukkes-pressa

Mannen som sist veke omkom under arbeid med ei rundballepresse på Voss vart trekt inn i pressa då han la på tråd manuelt. Ulukka har rysta både nærmiljø og bergingsmannskap.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 22.07.2015 15:30

Illustrasjonsfoto: Det var ei presse liknande denne som var involvert i dødsulukka på Voss sist veke.

Den 40 år gamle mannen arbeidde med eige utstyr på eigen gard då ulukka skjedde. Pressa er ei Orkel 1202, ein type som vart produsert på 1990-talet. Den aktuelle pressa har trådbinding. Trådbindingsapparatet var defekt, noko bonden løyste ved å gå ut og påføre tråden manuelt mens ballen roterte i kammeret.

– Eg skal ikkje stille meg til doms over denne måten å løyse eit praktisk problem på. Eg konstaterer at både produsent og arbeidstilsyn slær fast at det ikkje skal gjerast slik, men det vart gjort likevel, seier fungerande lensmann på Voss, Bjørn Inge Aarsand, til Bedre Gardsdrift.


Oppdaga av faren

Far til bonden var i nærleiken, og vart uroa då arbeidet stoppa opp. Han oppsøkte traktoren med rundballepresse og såg straks at noko hadde gått gale og at sonen var fastklemt i pressa. Han varsla naudetatane. Desse kunne slå fast at mannen var død då dei kom til staden. Av omsyn til bergingsarbeidet var informasjonen til media den første tida at det var ei alvorleg arbeidsulukke med personskade.


Sterke inntrykk

Lensmannen omtaler skadestaden som utfordrande. Mannen var dels trekt inn i pressa. Det kan sjå ut til at traktoren var blitt kvelt under ulukka. – Det gjer inntrykk å sjå kor store krefter som er i sving ved slike ulukker. Involverte mannskap frå utrykkingsetatane løyste utfordringane på ein svært god måte, både med omsyn til den forulykka og andre involverte, seier Aarsand til Bedre Gardsdrift.


Ingen påtale

Lensmannen slær fast at det ikkje vil bli reist nokon påtale etter ulukka. – Det var bonden sjølv som køyrde eige utstyr på eigen gard. Politiet har konkludert med at ingen vil verte straffa. Slike spekulasjonar om skuld og straff treng heller ingen andre å gjere seg opp. Vi omtaler hendinga som ei ulukke. Både vi og mange andre står att med mange spørsmål utan svar. Vi må leve med at desse spørsmåla blir ståande. Det viktige no er dei etterlatne, som har det svært tøft.


Maskiner viser ikkje omsyn

Mannen vart eit offer i arbeid med ei maskin, seier fungerande lensmann Bjørn Inge Aarsand. – Maskina stiller ikkje spørsmål. Den tar ikkje omsyn. Difor kan slikt skje.  


Etterlet seg born og familie

Bonden som omkom etterlet seg mindreårige born og familie. Han dreiv storfeproduksjon på familiegarden. Familiemedlemmer og andre involverte har etter ulukka fått tett oppfølging frå det kommunale kriseteamet.