dalen logo 2011q.jpg

Dalen blir ny

Produksjonen er moderne. Produkta er moderne. Designet er moderne. Logoen var blitt 25 år gammal. Difor lanserer Lid Jarnindustri den nye logoen sin i dag, saman med nytt slagord.

Publisert

Den nye Dalen-logoen. (foto: Jogeir M. Agjeld)

Den nye logoen blir sleppt i Bedre Gardsdrift nr. 1 2011, som er i postkassen din ein av dei aller næraste dagane.– Vi lagar produkt vi er stolte av, og Dalen-logoen er vår signatur. Vi vil at alle sider ved din kontakt med oss skal gi same opplevinga, og difor bestemte vi oss for å fornye logoen. No står den i stil med alt vi elles står for: Moderne og tidlaus, med eit gjennomtenkt og funksjonelt design, fortel marknadssjef Bjarte Endal til Bedre Gardsdrift.Samstundes som logoen blir presentert, lanserer selskapet sitt nye slagord: Begeistring i kvar detalj.– Ein kunde som får meir enn forventa, blir begeistra. Sånn skal det vere å handle med oss, fortel Endal. – Slagordet har vore i bruk ei tid internt i bedrifta. Det har alt gitt resultat. Medarbeidarane har, med positiv vinkling, klart å finne fleire detaljar som kan verte enda litt betre, og der er god stemning i fabrikkhallane.– Begeistring er ei god kjensle, og den smittar. Dette skal vere meir enn eit passivt slagord. Vi skal aktivt nytte det både mot kundar, salsnett og internt, lovar Endal. I løpet av våren er også ei ny nettside i kjømda. Du kan lese meir om Dalens nye logo og strategi for framtida i Bedre Gardsdrift nr. 1 2011. Der er også Lid Jarnindustri, som står bak varemerket Dalen, besøkt i serien Norske reiskapsprodusentar.

Powered by Labrador CMS