Du er her

Dårleg ide om viktig problem

Ap-representant Terje Lien Aasland meiner at bønder som leiger jord, kan kjøpe den når leigekontrakten går ut. Resultatet vil bli at folk ikkje tør å leige ut jorda.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 07.08.2013 16:45

Aasland peikar på eit viktig problem, som breier stadig meir om seg. 42 prosent av jorda i drift er leigd, og dette hemmar landbruket. Terje Lien Aasland er elles leiar for næringskomiteen på Stortinget og stortingskandidat frå Telemark. 

– Vi treng ein diskusjon om kva som er formålet. Er det å produsere mat eller å ivareta interessene til dei som eig jorda, seier Aasland til Nationen.  Problemet er at Aasland sin medisin vil virke motsett av det han håpar. For svært mange vil effekten vere at dei mistar alt dei har av leigejord om eigarane risikerer å tape eigedomsretten etter ti års utleige. Alternativet er at det blir triksa med tal og kontraktar, så vi aldri kjem opp i ti års utleige, eller teigane blir kasteballar i ein evig rotasjon for å unngå at nokon skulle få hevd på jorda. Så vil da heller aldri Aaslands framlegg bli vedtatt. Men debatten bør vi ta likevel.  

I Bedre Gardsdrift nr. 6 2012 tok vi opp emnet i leiarartikkelen Tid for jordskifte. Der tar vi til orde for ein ny 100-årsrunde med eit omfattande jordskifte, for å sikre at jordbruksjorda er eigd av dei som faktisk driv jordbruk. Ved eit slikt jordskifte ser vi for oss at alt areal som ikkje har vore drive av eigaren på ei viss tid blir tatt til vurdering, innmark som utmark, og at det også kan bli rydda opp i den viltre teigblandinga som dagens meir og mindre tilfeldige leigeavtaler fører med seg. Denne ideen tilbyr vi gratis til Aasland, og til alle andre som ser det meiningslause i dagens leigejord-situasjon.

Her kan du lese heile artikkelen Tid for jordskifte

"