Du er her

CNH fullfører Kongskilde-kjøpet

Som varsla i oktober vil CNH kjøpe Kongskilde. No blir handelen sluttført.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 01.02.2017 08:41

Kjøpet omfattar reiskap for gras og jordarbeiding frå Dansk Landbrugs Grovvareselskab (DLG). Kongskilde har to fabrikkar i Europa (Polen og Sverige), i tillegg til fabrikkar i andre delar av verda.

Kongskilde-verksemda blir lagt til under New Holland Agriculture, og omfattar merkevarene Kongskilde, Överum, Howard og JF.

Merkevarene og produkta knytt til Kongskilde vil halde fram som før, og distribusjonsnettet vert heller ikkje påverka, i første omgang. På sikt er planen å integrere produktportefølja i New Hollands sortiment, og det er jo grunn til å tru at det gir seg utslag i alt frå lakk til utsalsstader.