Case CX og MXC selt til Landini

Eigarane av Landini har kjøpt Doncasterfabrikken og produksjonsrettane til CX og MXC frå Case. Europa har fått eit nytt traktormerke, men kva som skjer med distribusjonen er framleis uklart.

Publisert

Dei to tidlegare Case-seriane vil framleis bli produsert ved den tidlegare Casefabrikken, men under namnet McCormick. Selskapet McCormick Tractors International Ltd. er danna for å føre vidare fabrikken i Doncaster i England. Familien som eig Landini eig McCormick, men dei to traktormerka vil ikkje ha noko med kvarandre å gjere den første tida. Som vi har erfart frå tidlegare fusjonar i traktorbransjen, er vanskeleg å spå særleg langt inn i framtida.

Krav frå EU

Grunnen til at Case, som er ein del av konsernet CNH (Case New Holland) sel denne fabrikken og produksjonsrettane til dei to seriane, er at EU forlangte det etter fusjonen som førte til CNH. Marknadsdelane til Case og New Holland i dette segmentet vart for stort, målt etter EU sine konkurransereglar. Desse reglane gjeld for heile EØS-området og Sveits.

Utanfor EØS-området kan dei to traktorseriane framleis seljast som Case. MX Maxxum blir også produsert på Doncaster. I dette segmentet er marknadsdelen til CNH liten nok til at både New Holland og Case kan halde fram produksjonen av eigne traktorar. Difor vil serien bli produsert på Doncaster som før, men som eit lisensprodukt der Case betaler McCormick for å gjere jobben. Salsnettet vil vere det same som i dag.

Nye modellar frå Case

LMB, som importerer Case til Noreg, har enno ikkje bestemt seg for om dei vil importere McCormick. Denne avgjerda blir tatt om ikkje lenge. Bedre Gardsdrift tippar at dei vil takke ja til tilbodet, for både CX og MXC har vist seg å vere populære traktorar. 

I den same storleiken kan Case tilby serien CS, produsert ved den tidlegare Steyrfabrikken, men desse modellane har ikkje slått like godt an i den norske marknaden.På sikt vil Case kome med nye, eigne modellar i dette segmentet. Det vil då vere snakk om traktorar som er meir i slekt med New Holland, altså bygde på same plattform. Kor stor skilnaden mellom Case og New Holland blir er det enno for tidleg å seie.

God tilgang på reserverdeler

McCormick står fritt til å endre dagens modellar, utvide seriane og elles gjere som dei vil. I starten vil dei neppe gjere noko anna enn å skifte ut klistremerket med merkenamnet. Modellnamna på CX-serien vil vere dei same, mens MXC-serien skiftar namn til MC. 

Dagens importørar av dei aktuelle traktorane har førsteretten til å halde fram importen. Dersom importørane seier nei, står McCormick fritt til å skaffe seg ein ny importør. Den norske importøren slår fast at tilgangen på reservedeler skal vere like god som i dag til langt inn i framtida.

Gammalt namn

Det er eit av ei eldste namna i landbruksmaskinbransjen CNH no har selt til Landini. Alt i 1831 kom dei første landbruksmaskinene med dette namnet. Mannen bak er amerikanaren Cyrus Hall McCormick. Mange meiner at han er den som hadde mest å seie for mekaniseringa av det amerikanske landbruket, med oppfinninga av sjølvbindaren

I 1902 vart McCormick Harvesting Machine Company slått saman med Deering Harvester Company, og det nye selskapet fekk namnet International Harvester Company. Dei to gamle varemerka vart brukt i lang tid etter dette, også på nokre få traktorar. I 1985 vart International Harvester kjøpt av Case, og i 1999 vart Case kjøpt av New Holland.

Powered by Labrador CMS