brann-brannmenn colourbox

Brannvarslinga var utkopla

Den mobile varslinga var kopla frå på grunn av for mange feilmeldingar på Steinkjer-garden der 16 kyr brann inne natt til tysdag.

Publisert

No spør familien seg om fjøsen kunne vore redda, om varslingssystemet hadde virka slik det burde. Det skriv Trønder-Avisa.

Garden fekk montert brannvarslingsanlegg for nokre år sidan. Dette er sett opp på vanleg vis: Fleire sløyfer med tilhøyrande sensorar i driftsbygning og våningshus. På fjøsveggen og i huset er det varselklokker. I tillegg hadde anlegget automatisk varsling til fleire mobiltelefonar, både i familien og hos naboar.

Feilmeldingar stadig vekk 

– Brannvarslingsanlegget gav stadig feilmeldingar. Vi vart oppringt heile tida, og kvar gong var det falsk alarm. Både vi og naboane gjekk lei, fortel Liv Janne Toldnes til Trønder-Avisa.Familien kontakta leverandøren, som var på garden fleire gongar utan at dei klarte å få retta feilen. Difor vart den mobile varslinga kopla ut.

Glad det ikkje gjekk menneskeliv

Etter nyttår har det ikkje budd folk i våningshuset på garden, i og med at det pågår generasjonsskifte på garden. Difor var det ingen som høyrde det, då alarmklokkene ringte natt til tysdag. Brannen vart oppdaga av mor til Liv Janne, då hunden gøydde klokka tre om natta. Einaste brannvesenet kunne gjere, var å la fjøsen brenne kontrollert ned.

På eit vis er familien glad for at brannen var komen så langt at det ikkje var sjanse til å gå inn for å berge dyra. For få år sidan omkom ein slektning i ein gardsbrann, då han prøvde å berge ut dyra.

Fleire har problem med brannvarslinga

Bedre Gardsdrift kjenner til at fleire har hatt problem med brannvarslinga, og at ein del bønder hevdar at varslinga gir falsk tryggleik. Det er dei mange falske alarmane som skaper vanskar, og som fører til at sløyfer eller mobilvarsling blir kopla ut fordi anlegget står og ropar "ulv-ulv".

Har du erfaringar? Ta gjerne kontakt med oss.

Powered by Labrador CMS