Du er her

Bleik Deere på topp

Totalt er traktormarknaden skikkeleg daff for tida. John Deere, MF og Valtra dominerer.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 01.03.2017 21:08

John Deere har til no registrert halvparten så mange traktorar som på same tid i fjor, men er likevel i tet. Ein grunn til at det lar seg gjere, er at totalmarknaden etter to månader er meir enn 100 traktorar dårlegare enn etter dei to første månadane i fjor. Halve nedgangen kom i januar, og logisk nok: Den andre halvdelen av nedgangen kom i februar.

Årets februar: Veldig, veldig, veldig dårleg.

Årets februar er usle to traktorar framom den dårlegaste februaren vi har registrert i statistikkane våre. Faktisk er årets februar den 132. dårlegaste månaden totalt sett sidan 2006.

Summen for dei siste 12 månadane er 2972 traktorar. Gjennomsnittet for dei ti føregåande åra er 3586. Dette ser ikkje lysteleg ut.

Eik like stor som FK pluss A-K

Om du tykkjer det er artig med tal, følg med no: Eikmaskin sine tre merke har akkurat 157 nyregistrerte til no i år. Hugs det: 157!

Felleskjøpet har 83 til no i år. A-K maskiner har 74. Det blir i sum . . . Nemleg! 157!

Og som ikkje det er nok: John Deere og FK er ned med 74 traktorar frå same tid i fjor. For då hadde John Deere . . . Nemleg! 157!

Ok, sånn omlag godkjent i toppen

John Deere ventar på at nye 5R skal ta laust. Den ventinga åleine er ikkje forklaringa på nær ei halvering frå fjoråret, så her er det fleire ting å ta tak i. Men ingen bør klage på å ha over 20 prosent marknadsandel.

MF er einaste merke i tetgruppa med framgang frå i fjor. Også der er det viktige utskiftingar av modellrekkene som skal gi utslag frametter.

Valtra har flytta frå eit svensk felleskjøp til ein amerikanskeigd importør med djupe norske røter, og ser ut til å trivast både med importør og eit delvis nytt forhandlarnett. Sterk tredjeplass og nesten like mange nye som i fjor er godkjent.

Minus att for A-K

Det vil seg ikkje heilt for eit A-K i motbakke. Både New Holland og CaseIH er meir tilbake enn totalmarknaden, og denne månaden må den raude sjå seg forbigått av ein grøn franskmann. Av og til er det seigt å kome seg på beina etter å ha ligge nede. CNH-merka er i sum omlag jamstore med Massey Ferguson.

Teikn til liv hos Norwegian Agro Machinery

Claas har ikkje akkurat hatt noko pangstart hos ny importør, men statusen er betre enn på same tid i fjor: Opp 11 traktorar, og 7,1 prosent marknadsandel. Det er i alle fall veldig mykje betre enn 2,9 prosent ved årsslutt 2016.

Til og med niandeplassen

Deutz-Fahr går mykje fram frå same tid i fjor, og ligg ikkje veldig langt bak CaseIH. Like bak der att ligg Fendt. Legg merke til at vi skriv "der ligg Fendt", for tyskaren har beint ut tryna, om vi berre les tal. Ned 26 traktorar frå same tid i fjor til 18 så langt i år, det ser ille ut. Det høyrer med til historia at Fendt starta hardt ut i 2016, med store ordrereservar mellom anna på 300-serien, som førte til høge registreringstal den første delen av året. Men ein åttandeplass er nok ikkje der Eik vil ha den dyraste traktoren sin.

Niandeplassen går til Kubota, som så smått er i ferd med å ta for seg landbruksmarknaden her i landet. Ein markant oppgang frå i fjor, og med to jamne månader så langt.  

Under streken

Slik det ser ut no, har traktormarknaden ein tydeleg strek mellom niande- og tiandeplassen. Over streken har alle eit visst volum, om enn ikkje stort. Under streken er det berre støvet att. Her finn vi den gamle storheita Zetor, som deler tiandeplassen med Foton og McCormick, alle med tre nyregistreringar på to månader. Tar vi med Antonio Carraro, AGT og Ferrari, som alle er i same segmentet, og også Iseki, har vi nemnt opp alle merke som er blitt registrerte her i landet så langt i år.

Faktaboks

Traktormarknaden månad for månad

Sidan januar 2006 har Bedre Gardsrift analysert den norske traktormarknaden kvar einaste månad her på www.gardsdrift.no. Vi får kjeldematerialet frå vår gode samarbeidspartner Opplysningsrådet for vegtrafikken (OFV). Tala herifrå blir sjekka og vaska hos oss, så vi lukar ut så mykje som råd av sånt som ikkje kan reknast som nye traktorar. 

Den store oppsummeringa av traktoråret finn i papirutgåva av Bedre Gardsdrift, i nummer ein kvart år. Der tar vi for oss traktormarknaden på modellnivå, og summerer også kor populære dei ulike seriane er. Pluss at vi ser på fylke, effektklassar og litt av kvart elles. 

Bedre Gardsdrift er Norges største landbruksblad, med over 17 700 abonnentar. Jordnær og nyttig kunnskap, bygd på erfaring og innsikt. Du kan bestille eit abonnement ved å klikke her